NRK Meny
Normal

Han trur Naustdal vil få ti millionar årleg i eigedomsskatt om det blir gruvedrift

Dersom det blir gruvedrift i Vevring, vil det i løpet av den 50 år lange utvinningsperioden gje Naustdal kommune ein halv millard kroner i eigedomsskatt.

Øyvind Bang-Olsen

– BETRING AV TENESTETILBODET: Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal trur kommunen vil få ti millionar årleg i eigedomsskatt.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Pengane vil gå til betring av tenestetilbodet innan barnehage, skule og eldreomsorg. Kommunen må i dag kutte i drifta, så pengane vil kome svært godt med, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

– Dette vil betre dei økonomiske tilhøva til Naustdal kommune. På ein del område vil det nok gje betre sjansar til å utvikle seg.

Om ikkje lenge skal sentrale styresmakter ta endeleg stilling til Nordic Mining sine planar for gruvedrift i Vevring i Naustdal. Engebøfjellet i Naustdal inneheld ein av dei største førekomstane av rutil i verda, eit mineral det er stor internasjonal etterspurnad etter.

Nordic Mining har fått konsesjon for å utvinne rutil, og spørsmålet om 250 millionar tonn gruveslam kan dumpast i Førdefjorden ligg no til endeleg handsaming i Miljøverndepartementet.

– Også ei kostnadsside

Bang-Olsen fortel at 10 millionar kroner ekstra i årleg eigedomsskatt gjer at investeringsplanen i kommunen må oppjusterast.

– Vi må gå gjennom desse planane på nytt fordi det kan bli endringar i korleis vi skal disponere ressursane våre.

Ole Erik Thingnes i samband med markering for levande Førdefjord

SKEPTISK: SV-representant Ole Erik Thingnes har ikkje tru på utrekningane til rådmannen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Men SV-politikar Ole Erik Thingnes i Naustdal kommunestyre fnyser av Bang Olsen sine utrekningar om eigedomsskatt.

– Det er lett å seie ti millionar kroner i 50 år, det er verre å hente dei inn, tenkjer eg.

– Men er det ikkje positivt for Naustdal kommune dersom de får inn ein god del i eigedomsskatt?

– Viss det ikkje hadde vore ei kostnadsside hadde det vore positivt. Ein risikerer mange arbeidsplassar og store verdiar med å gamble med eit slikt prosjekt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.