Hopp til innhold

Er endå meir overtydd etter synfaring: – Det er uakseptabelt med fjorddeponi

Etter ei synfaring på Engebøfjellet og på Førdefjorden er leiaren i Energi- og miljøkomiteen, Ola Elvestuen frå Venstre, endå meir overtydd om at ein ikkje kan godkjenne planane om eit fjorddeponi.

Ola Elvestuen fekk møte lokale motstandarar av fjorddeponi

OVERTYDD: Ola Elvestuen (til høgre) vart i dag orientert om planane om gruvedrift og sjødeponi i Vevring og Førdefjorden. Etter besøket er han endå meir overtydd om at eit deponi i fjorden er uakseptabelt.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er mykje liv og aktivitet i denne fjorden. Og det er eit stort område som er planlagt som deponi. Eit overraskande stort område, seier Elvestuen og seier han ikkje var klar over omfanget før i dag.

Elvestuen understreka at han ikkje var imot gruvedrift generelt, men:

– Skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land. Er det ikkje økonomi i det, er det ikkje økonomi i prosjektet, sa han til applaus frå gruppa av frammøtte deponimotstandarar.

(Artikkelen held fram under)

Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, var fredag på synfaring i Naustdal. Der fekk han sjå nærare på området i Engebøfjellet der det er planlagt gruvedrift, og på Førdefjorden der selskapet Nordic Mining vil deponere gruveavfall.

SYNFARING: Ola Elvestuen var i dag på synfaring i Vevring. FOTO: Heidi Lise Bakke: REPORTER: Eldgrim Fossheim.

Vil ikkje leggje fjorden daud

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring, og planane inneber deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Spesielt denne delen av planane er omstridd, og Venstre er blant dei som heile tida har vore tydelege på at dei ikkje kan akseptere at fjorden blir brukt på denne måten.

I dag var Venstre-politikar Ola Elvestuen på plass i Vevring for å sjå nærare på planane. Leiaren i stortingets Energi- og miljøkomite seier han er endå sikrare i sitt nei.

– Eg har fått vite at dette er ein levande fjord, heile vegen frå 300 meters djupne og heile vegen opp. Det understrekar kor feil det vil vere om ein i realiteten legg fjorden daud ved å ha eit deponi i fjorden, seier Elvestuen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Ola Elvestuen (Venstre) på synfaring på Førdefjorden

PÅ FJORDEN: Ola Elvestuen var i dag både på Førdefjorden i båt og på Engebøfjellet for å bli orientert om planane om gruvedrift og eit deponi i fjorden.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Har skapt stort engasjement

Det var ein stor delegasjon frå Venstre som i dag var på plass i Naustdal og Vevring for å bli orienterte om dei omstridde planane om gruvedrift i Engebøfjellet. I tillegg til stortingsrepresentant Ola Elvestuen, var også Sveinung Rotevatn som representerer Sogn og Fjordane Venstre på tinget på plass.

Det var også lokale motstandarar, bygdefolk og leiaren i Natur og Ungdom.

For planane om gruvedrift har skapt eit enormt engasjement, både lokalt og nasjonalt. Ei rekkje organisasjonar har sagt at dei er imot planane om sjødeponi, og i fjor vår sa Miljøverndepartementet førebels nei og sa dei ville vite meir om konsekvensane for miljøet.

Saka om gruvedrift ligg no til endeleg avgjerd hos Miljøverndepartementet, og det blir no jobba får fleire frontar om å få departementet til å seie nei igjen.

Gruvedrift kan gje Naustdal kommune 175 sårt trengde arbeidsplassar, men lokalt har Sogn og Fjordane Venstre vore klare på at behovet for arbeidsplassar ikkje kan før miljøet.

– Uakseptabelt

Som støtteparti for Høgre og Framstegspartiet i regjering, har Venstre no endå større sjansar til å vere med å påverke. Og Ola Elvestuen er klar på kva partiet meiner om saka.

– Skal ein ha gruvedrift, må ein ha eit sikkert deponi på land. Vi er imot eit deponi i ein så levande fjord, det er ein uakseptabel måte å drive gruvedrift på i dag, seier han.

Han viser vidare til at ein må ha nok kunnskap før ein tek avgjerd i saka.

– Her er det pågåande utgreiingar, og vi må få fram kunnskap slik at vi kan få kunnskapsbaserte avgjerder, seier Elvestuen.

(Artikkelen held fram under)

Delegasjon frå Venstre på synfaring på Engebøfjellet

STOR DELEGASJON: Det var ein stor delegasjon av Venstre-folk og andre som i dag var på synfaring i Vevring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Set sin lit til Venstre

Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe har stått på lenge for å stogge planane om gruvedrift og deponi i fjorden.

Ho var godt nøgd med å få vise fram området for stortingspolitikaren. At Venstre har gode moglegheiter for å påverke utfallet i saka er ho heilt trygg på.

– Vi meiner Venstre har makt til å vere med å stogge planane. Venstre er eit lite, men viktig parti i Norge.

– Vi kjenner oss trygge på at det norske folk ikkje vil godta at dei norske fjordane blir søppelplass for gruveindustrien, seier ho.

Lova å kjempe for deponi-nei

Leiaren i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, var også på plass i Vevring i dag. For naturvernorganisasjonen har det vore ei kampsak å stogge planane.

– Dette er ei sak vi har jobba med lenge. Vi har vore aktive både lokalt og sentralt, og vil halde fram å jobbe mot opprettinga av eit sjødeponi i denne fjorden, seier Vestre.

På lik linje med Thingnes Førsund, set dei miljøbevisste ungdomane sin lit til at Venstre når gjennom med sin motstand mot sjødeponi.

– Venstre har mykje makt, og den makta håpar vi dei forvaltar på ein god måte. Vi håpar dei brukar den politiske makta dei har ovanfor dagens regjering til å hindre sjødeponi i Førdefjorden.

– Vi skal gjere det vi kan for å stoppe dette, lova Elvestuen før han reiste frå Vevring.

Ola Elvestuen vart møtt av dette synet på kaia i Vevring

MANGE MØTTE OPP: Ola Elvestuen fekk møte mange lokale deponimotstandarar.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK