Hopp til innhold

Gruppering vil ta over Vadheim Hotell

Fleire av innbyggarane i Vadheim jobbar no for å sjå om det er mogleg å reise kapital for kjøpe hotellet i bygda.

Vadheim Fjordstue Hotell

NYTT ASYLMOTTAK: Hotellet i Vadheim kan bli mottak for mindreårige asylsøkarar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Onsdag var det folkemøtet i Vadheim for å lodde stemninga, om lag 100 av dei kring 200 innbyggarane i bygda møtte fram.

– Vi ynskjer at vi framleis skal ha ein samlingsplass i bygda som kan brukast ved gravferder og større tilstellingar, seier Leif Arne Fureli.

Han er ein av sju personar som står bak initiativet om å ta over hotellet.

Kan bli asylmottak

Vadheim hotell har i dag 14 rom som ikkje er bruk. Det er også ei stor leilegheit på toppen som kan brukast. Hotellet er svært aktuelt når det no er snakk om at Høyanger skal ta i mot fleire flyktningar.

Anita Nyland Høyvik

HAR AVTALE: Anita Nyland Høyvik eig i dag Vadheim Fjordhotell saman med ektemannen.

Foto: Privat

Anita Nyland Høyvik, som driv hotellet saman med mannen, seier dei alt har sagt ja til ein førespurnad frå Norsk Folkehjelp, som ynskjer å opprette eit mottak for mindreårige born ved hotellet.

– Då eg fekk telefonen frå Norsk Folkehjelp så sa eg ja med ein gong. Eg kjenner litt til organisasjonen frå før, så det var ikkje vanskeleg å seier ja, seier Nyland Høyvik.

Håpar å reise kapital

Men ikkje alle er like begeistra for at hotellet kan bli gjort om til mottak. I bygda blir det jobba for å reise kapital for å kjøpe hotellet.

Leif Arne Fureli

YNSKJER Å KJØPE: Leif Arne Fureli er ein av sju som jobbar for å få overta Vadheim Fjordhotell.

Foto: Privat

– Vi er i ein veldig tidleg fase, og har ikkje finansiering på plass enno. No har vi sondert om det interesse i bygda for å prøve å behalde hotellet som ein samlingsplass, seier Fureli.

– Er det frykta for eit asylmottak i bygda som gjer at de ynskjer å overta hotellet?

– Vi har allereie tatt godt i mot mange asylsøkarar og flyktningar, og har ikkje noko vondt å seie om dei. Vi har hatt ein kjempepositiv oppleving av dei her i Vadheim, men for oss er det viktig å ha eit hotell i bygda, seier Fureli.

Uaktuelt å selje no

Norsk Folkehjelp har som mål å starte mottak frå årsskifte dersom dei kjem til semje med UDI om å opprette mottak for mindreårige i Vadheim. Noverande eigar av hotellet har skrive under ein treårig leigekontrakt med Norsk Folkehjelp, og seier det er uaktuelt for dei å selje no.

– Vi har signert ein avtale om leige, og det er dette vi vil. I den prosessen kan vi ikkje ha ein salsprosess gåande parallelt, seier Nyland Høyvik.

– Og då er sal uaktuelt, uansett kor tilbod som måtte kome frå dei som no ynskjer å kjøpe hotellet?

– Nei, korleis skulle det la seg gjere? Då måtte vi selje med ein utleigeavtale. Eg ynskjer å vere huseigar og ha det samarbeidet med Norsk Folkehjelp, seier Nyland Høyvik.