Hopp til innhold

Grotle held fram som ordførar i Førde

Trass i Arbeidarpartiet sin store valsiger, er det Olve Grotle i Høgre som blir ordføraren dei neste fire åra.

Olve Grotle og Helge Robert Midtbø

FÅR HALDE FRAM: Olve Grotle har vore ordførar i Førde dei siste fire åra. No får han fire nye år.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Vallogo

Eit samarbeid frå sist periode er årsaka til at Grotle blir sitjande i ordførarstolen. Dei siste fire åra har Høgre samarbeidd med KrF, Senterpartiet og Venstre, og dette samarbeidet vil partia halde fram med.

– Så er det slik at denne konstellasjonen framleis har fleirtal i bystyret trass i det gode resultatet til Arbeidarpartiet, og vi har funne at vi vil framleis halde på det som vi har hatt i denne perioden, nemleg at eg er ordførar.

Held fram konstellasjonen frå sist

– Vi vart samde om ei skisse i natt som går ut på at eg skal halde fram som ordførar, men så må det klarerast i styret og så vidare. Nokre vil seie at det er ei formell sak, men eg vil nok vente med å seie at eg blir ordførar til ein avtale er signert, seier Grotle.

Trass i at Høgre var det partiet som gjekk mest ned i Førde, får han altså behalde stillinga. Den store valvinnaren var Arbeidarpartiet som fekk 33,6 prosent av stemma og gjekk fram med 7,1 prosentpoeng.

Det var knytt stor spenning til valet i Førde, og dette eskalerte då Arbeidarpartiet gjorde eit sterkt val her.

– Vi meiner vi er valvinnar i Førde og vi er kjempenøgd med resultatet vi oppnådde. Det er det beste valet som vi nokon sinne har gjort i eit kommuneval, men vi hadde sjølvsagt sett at vi nådde heilt inn og fekk ordføraren i Førde, seier Midtbø.

Olve Grotle og Helge Robert Midtbø

GRATULASJONAR: Her får både Olve Grotle og Helge Robert Midtbø gratulasjonar frå Atle Lien som var ute og gjekk tur med hunden sin då dei to ordførarkandidatane kom ut frå NRK-bygget. – Eg er veldig nøgd med resultatet, seier Lien.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ap lovar å kjempe for sakene sine

Det var først den siste veka at det gjekk opp for han at ordførarstillinga kunne bli hans, men no er han innstilt på å føre Ap sin politikk utan ordførarkjeda.

– Om resultatet blir slik det blir vil vi halde fram med å vere konstruktive i bystyret. Vi vil føre Ap-politikk og vi vil søke samarbeid frå sak til sak, og vi skal love veljarane våre at vi skal kjempe for dei sakene vi har flagga under valkampen, seier Midtbø.

Alt tyder på at resultatet blir ståande. Spørsmålet er no om det er Venstre som får halde på varaordføraren, slik det er i den eksisterande konstellasjonen.

– Det er ting som vi vil kome tilbake til når vi har skrive under på ein endeleg avtale, seier Grotle.