– Det blir skikkeleg grisevêr. Det blir vått og vindfullt!
Statsmeteorolog Marit Funnemark, ved Vêrvarslinga for vestlandet har ingen gode nyheiter til dei som likar sol og varme.
– Det blir lokal mykje nedbør, det blir vind på kysten og i fjellet kjem det snø.
Regnar i bøtter og spann
Det er nemleg venta mykje nedbør i løpet av fredagen. Det skal komme mellom 50–70 mm på 24 timar. I tillegg kan det fredag kveld komme snø over ca. 1200 meter.
– Det kan vere at kumlok er tetta av lauv og at små bekkar kan gå over sine breidder. Folk bør sjekke slik at vatnet får passasje.
(Artikkelen held fram under biletet)
I fjellet kan det blir både vanskeleg sikt med snø og ikkje minst mykje vind frå kysten. Meteorologen rår folk til å vere forsiktige med å legge ut på biltur over fjellet om kvelden. Torsdag føremiddag var det snø på vegen over Sognefjellet.
Tøffe forhold på fjellet
– Viss folk må over så høge fjellovergangar ville eg vurdert å skifte til vinterdekk. Men det er jo framleis tidleg på hausten. Ein bør uansett tenke seg om før ein legg ut på tur.
Det er nok vinden som kan gje mykje trøbbel. Frå fredag føremiddag blir det vest og sørvest stiv og periodevis sterk kuling på kysten sør for Stad, liten storm ved Stad.
– Det blir mykje vind. Det uroar oss, saman med alt regnet som kan komme på kort tid.
Høgdepunktet for ruskevêret er venta å vere fredag føremiddag og utover dagen.
- LES OGSÅ: