- Den omlegginga som no skjer med sjukehusa i fylket vil gjere det endå vanskelegare å få ferdig utdanna medisinstudentar til å søkje seg hit til fylket, seier Håkon Reikvam, som representerer turnuslegane i Lærdal.
Lite attraktivt fylke
Skal turnuslegane i Lærdal og på Nordfjordeid få praksis i kirurgi etter nyttår, må dei til Førde i seks månader av det året dei er i praksis på sjukehus. Det fører til ei meir oppstykka teneste og fleire ulemper for dei. Frå før er Sogn og Fjordane eitt av dei tre fylka som er minst attraktive for ferdig utdanna medisinstudentar.
Fylkeslegen må godta
Det er i alt 36 turnuslegar i Helse Førde i dag. Det er fagdirektør Bjarne Straume som har skissert korleis turnusordninga skal vere frå 1. januar 2005. Han vil ikkje kommentere framlegget før det er meir konkret og gjennomdrøfta. Mellom anna må fylkeslegen godta det. Fylkeslege Petter Øgar seier at han ikkje har fått tid til å vurdere det enno.