NRK Meny
Normal

- Skulle berre mangle at ikkje saka vart trekt

Askvoll-ordførar Frida Melvær og varaordførar i Selje, Gunn Sande, meiner det berre skulle mangle at ikkje ambulanseteneste-saka vart trekt frå styremøtet i Helse Førde i dag.

Frida Melvær og Gunn Sande er nøgde med at saka vart trekt

KLARE TIL KAMP: Askvoll-ordførar Frida Melvær (t.v.) og varaordførar i Selje, Gunn Sande, er klare på at kommunane skal høyrast når kartet over den framtidige ambulansetenesta skal teiknast.

Foto: Ole André Rekkedal/Vidar Gudvangen / NRK

Tidlegare denne veka kom det fram at Helse Førde vurderer å kutte fire ambulansestasjonar, Askvoll, Lavik, Bremanger og Selje.

Styret i Helse Førde skulle fredag ta stilling til modellar eller målbilete for framtidig ambulanseteneste i fylket. Det fekk fleire ordførarar til å protestere på at dei ikkje vert høyrde når framtidas ambulansekart skal leggjast.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, uttalte tidlegare i veka at kommunane skulle få uttale seg i neste runde når forslaga vert konkrete. Men i dag kom beskjeden om at Bolstad trekte saka frå styremøtet.

Askvoll-ordførar Frida Melvær er godt nøgd med det.

– Eg set pris på den konklusjonen, men det skulle nesten berre mangle, seier Melvær.

Meiner kommunikasjonen har vore fråverande

Melvær peikar på at Helse Førde tidlegare har signalisert at dei la opp til tett dialog med kommunane på denne saka. Gjennomgangen av ambulansetenestene starta våren 2013 etter at styret i Helse Førde hadde bedd om ein overordna plan for desse tenestene.

– Men den kommunikasjonen har vore fråverande. I starten fekk vi komme med nokre innspel. Så var det snakk om møte med kommunen og så skulle saka på høyring. Men vi har korkje hatt møte eller sett noko til høyringa, seier Melvær.

På styremøtet i dag poengterte Bolstad at mange har misforstått saka.

– Dette er ikkje ei sak om ambulansestruktur, slik mange oppfatta det. Dette er ei sak om målbilde eller rammene for det. Så det er eigentleg oppskriftene på ein ambulanseplan, sa Bolstad på møtet tidlegare i dag.

Varaordførar i Selje, Gunn Sande, er også glad for at saka ikkje kom opp på styremøtet i dag.

– Ja, då har dei kanskje teke innover seg at dei har vorte misforstått. No får kommunane i praksis høve til å seie sitt i denne saka, seier Sande.

Er uroa over sentraliseringa

Bolstad har likevel poengtert at sentralisering ligg inne som eit premiss i prosessen vidare, og det uroar Melvær.

– Ja, det uroar meg sterkt. Den sentraliseringa ser ut til å gå ut over dei som allereie har lang veg til legevakt og sjukehus. Dei skal få endå lengre reisetid no, seier Melvær.

Det er Sande samd i.

– Med nedlegging av lokalsjukehus med akuttfunksjon, så blir katastrofe dersom ambulansen i Selje forsvinn til Måløy. Ein må byrje å spørje kva responstid ein skal ha for akuttberedskap, seier Sande.

Ho peikar på at det tidlegare har vore sagt at ein skulle styrkje førstelinjetenesta når det gjalt ambulanse.

– Dette er ikkje noko styrking slik eg ser det, seier Sande.

Melvær er klar på kva som bør skje vidare.

– No bør Helse Førde ta kontakt med kommunane. Vi må høyrast i arbeidet vidare. Den utsetjinga i dag er berre ei utsetjing. Vår argumentasjon vert viktig framover, seier Melvær.

Trur påtrykket har nytta

Sande peikar også på at ein må sjå på lover og reglar.

– Vi skal ha likeverdige tenester i heile fylket. Eg trur at for Selje sin del så må vi kjempe med nebb og klør, seier Sande.

Melvær trur påtrykket frå fleire ordførarar siste veka har nytta.

– Ja, det må eg seie. Samanlikna med det løpet som var lagt, skulle det berre mangla at vi ikkje protesterte, seier Melvær.

Også Sande meiner det var på sin plass at Helse Førde valde å utsetje saka.

– Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle vere involverte. Dei skal jo samhandle med oss. Og skal det fungere, må det vere ei god samhandling, seier Sande.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser