Det er eksporten austover til mellom anna Russland som utgjer den største auken. Det seier Bjørn Bakka i lakseeksportøren Sirena Norway.
Dei to første månadene i år vart det eksportert norsk sjømat til ein verdi av fem milliardar kroner.
Det er ti prosent meir enn i same perioden i fjor.
Det viser tal frå Eksportutvalet for fisk. Hovudforklaringa på det, er Russland. Der auka eksporten med heile 89 prosent dei to fyrste månadene i år.
Utvida marknad
Viseadministrerande direktør i Coast Seafood, Martin Øvrebø, seier dei har auka salet på alle marknader, men sel godt austover.
- Både Russland og andre delar av Aust-Europa har tatt seg fint opp. Det gjeld fyrts og fremst Baltikum og Polen, men og etter kvart land som Ungarn og Tsjekkia, seier Øvrebø.
Spår prisauke
NRK-arkiv
Det er mykje fisk i marknaden og no når påska set inn er det normalt eit større sal enn elles. Bjørn Bakka i Sirena Norway reknar med at prisane vil stige dei neste par vekene.
- Men det er klart dette er spanande. Det er mykje fisk som skal ut, seier Bakka.
Prisauken skjer trass i krav om minstepris frå EU. Men ifølgje eksportørane er EU framleis den viktigaste marknaden for lakseeksport.