Hopp til innhold

Gode kinotal for «Amerikareisa»

«Søsken til evig tid – Amerikareisa» er den femte mest sette på kino sist veke. – Fantastisk, jublar regissør Frode Fimland.

Amerikareisa

– Her hjelper det ikkje akkurat med stige, var Magnar Kleiva sin umiddelbare kommentar då han for fyrste gong såg utover New York. Det jordnære syskenparet har no sjarmert ei rekkje kinogjengarar sidan premiera 12. november.

Foto: Vegard Fimland

– Me tenkte at om filmen nådde 10.000 på kino, skulle me vere nøgde, fortel Fimland.

Det forsiktige målet er no overgått – og det med god margin. På tre veker har 23.349 fylgd syskenparet Magnar og Oddny sin tur frå Naustdal til USA.

Den fyrste filmen vart til samanlikning sett av 41.000 kinopublikummarar, og var med det den mest sette dokumentaren på kino dei siste fem åra.

Tala vil stige

Og fleire kinovisningar skal det bli for oppfylgjarfilmen. Ei rekkje kinoar startar visningar av filmen fyrst kommande helg.

– Eg veit me har eit stort publikum på det indre Austlandet. Lillehammer kino er ein av dei som set opp filmen fyrst kommande fredag. Så det skal no bli fleire besøkjande, seier regissøren.

Magnar og Oddny Kleiva

PREMIEREKLARE: Magnar og Oddny synest det var stor stas å sjå amerikaturen sin på kino. Her under førpremiera i Førde.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Sist veke trakk dokumentarfilmen 7599 besøkjande. Berre Hunger Games, James Bond, Julekongen og Hotel Transylvania var meir besøkt.

Ingen kjendisnykker

Når NRK tek kontakt med Fimland, er han på vegen med hovudrolleinnehavar Magnar i baksetet.

– Dei synest det var artig at så mange vil sjå filmen. Førpremiere var stor stas, fortel Fimland.

– No når så mange har sett dei på film, får dei nokre kjendisnykker?

– Haha. Nei, langt derifrå. Livet går vidare. No har dei fått to kalvar i fjøset, og er glade for det. Kinotala får andre styre med.

Rekordar

For to år sidan sette den fyrste dokumentaren om dei krokete syskena frå Naustdal rekord. Framleis er det den mest sette dokumentaren på TV2 nokon gong med 1.5 millionar sjåarar.

No lovar regissøren at også oppfylgjaren «Søsken til evig tid – Amerikareisa» vil bli sendt på TV2.

– Eg veit ikkje når, men det blir på nyåret. Fyrst skal filmen visast på fleire dokumentarfilmfestivalar i utlandet.

Siste film om syskenparet

Men ein tredje film om syskenparet frå Kleiva blir det ikkje.

– Dette blir definitivt den siste. To får vere nok for Magnar og Oddny.

No er regissøren frå Naustdal i gong med nye prosjekt, men desse er i ein så tidleg fase at han ikkje kan avsløre kva desse er.

– Eg håpar å vere delaktig i fleire filmar framover. Det er freistande å lage liknande filmar. Det er så mange historier det er verdt å fortelje. Særleg synest eg det er spanande med folk, plassar og nærleik.