Hopp til innhold

God start på hjortejakta

Hjortejakta er godt i gong. På Haugen i Nordfjord har dei sett rekord med 16 felte dyr på eit døgn.

Hjort

GOD START PÅ JAKTA: Det er mykje hjort i Sogn og Fjordane, og mange stader har dei felt mange dyr så langt i jakta.

Foto: Privat

- Det høyrer til det sjeldne at me tek så mange på ein dag, men det var veldig mange dyr i marka og på bøane, så då var det ikkje så vanskeleg å felle dei, seier Helge Haugland.

Han er ein av dei som har hatt ein god start på hjortejakta. Det er mykje betre enn det har vore tidlegare år, seier han.

For tidleg med tal

- Tidlegare har me skote mellom seks og ti per dag på det maksimale.

- Det me høyrer er at det er veldig mykje hjort rundt i fylket, og det har det vore dei siste åra, med store hjortestammar, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad.

Han fortel at dei hjå Fylkesmannen ikkje har fått inn tal endå.

- Det er for tidleg for Fylkesmannen sin del. Me har ikkje noko rapporteringssystem, og veit dermed ikkje noko før jakta er avslutta.

Jakta går heilt fram til 23. desember, og dermed har folk god tid til å fylle kvotene sine. Helge Haugland fortel at dei har hatt ei relativt lett oppgave når dei har vore på jakt.

- Lett å finne hjorten

- Me kunne berre velje i kva for dyr me ville felle. Opp til 25 dyr gjekk i lag, fortel han.

- Det har ikkje vore vanskeleg å finne dyra, og etter vår meining er det fleire dyr no enn det har vore før.

Det kan viltforvaltar Mjelstad stadfeste. Han fortel at hjortestammen har auka for kvart år, og at det kan bli aktuelt å auke fellingskvotene seinare år dersom talet på hjort ikkje går ned.

- Det er mykje hjort. Det kan me seie ut frå tala på felte dyr siste åra. Sjølv etter jakta går det mykje hjort i terrenget, seier han.

- Lettare for jegerane

Han meiner det at det er mykje dyr også gjer det lettare for jegerane.

- Det kan det vere, men det kan også ha med terrenget dei jaktar i. Hjorten bruker innmark og kulturlandskap mykje meir enn den gjorde før. Det seier at det er mykje hjort, men også at det ikkje er så mykje mat ute i den naturlege skogen. Hjorten må inn på innmark for å beite, fordi det er for mange.

- Det gjer det lettare å ta den i jakta, seier Mjelstad.

I Nordfjord risikerer dei ei kort jakt i år, fortel Haugland. På deira område er dei 36 grunneigarar som har gått i lag. Dei har fellingsløyve på 32 dyr i haust, og har allereie kome godt i gong.

- Me har seks dyr att og tre månader igjen. Me håper på fleire dyr, men konene våre er nok glade for at hjortejakta blir fort ferdig i år, seier han.