Hopp til innhold

Kan bli nytt rekordår

Over 11.000 hjortar skotne under fjorårsjakta. Torsdag startar jakta igjen.

Hjortejakt

HJORTEJAKT: Slik kan det sjå ut under hjortejakta. Det kan igjen gå mot eit rekordår i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

- Det ser ut til at hjortejakta blir om lag som i fjor. Eg ser ikkje bort ifrå at at kan bli eit nytt rekordår, seier Reidun Solberg Seim.

Ho er fylkessekretær i Norges jeger- og fiskerforbund i Sogn og Fjordane, og viser til at fjoråret kom ut med svært så gode tal for hjortejakta i fylket.

Stor auke i 2009

Av alle fylka vart det i 2008 felt flest hjortar i Sogn og Fjordane. Over 11.000 dyr av ei kvote på i overkant av 14.000 vart felt.

Samanlikna med året før var det ei auke på godt og vel 700 dyr.

Les meir her: Hjortejakta 2009

Jakttida for hjort er i år utvida til 23. desember i heile fylket unnateke Gulen Høyanger - der jakta varer til 30. november.

Les meir her: Hjortejakta står for døra.

Klart for småviltjakta

Men det er ikkje berre hjortejakta som no står for døra. Også småviltjakta på hare og ulike fugleartar startar 10. september.

- Vi veit ikkje heilt korleis det ligg an med rypebestanden. Men vi går ut ifrå at den skrantar, slik den har gjort dei siste åra, seier Reidun Solberg Seim i NJFF.

Låge fellingstal på rype

På landsbasis enda fjoråret med det lågaste fellingstalet på rype sidan 1970, då ein starta med fellingsstatistikken. Ifølgje NJFF sine nettsider er prognosane heller ikkje oppløftande for i år.

Les meir her: Rypeteljing 2009

- Vi har diverre ikkje komt igang med teljing her i fylket. Men tala for dei andre fylka ser ikkje så gode ut, seier fylkessekretæren.