Det skulle samle reiselivet i Gloppen på byrjinga av 80-talet. Under eitt namn og eitt felles motto trudde reiselivslaget i kommunen at gloppen-eventyret skulle bli akkurat det som låg i namnet. Men slik gjekk det ikkje. I 1988 vart det snipp snapp snute, ein konkurs og gloppen-eventyret var ute.
Lærte av feila
Gunnar Kjørvik i Gloppen næringsorganisasjon meiner det er mykje betre grunnlag for eit slikt konsept i dag enn for 20 år sidan. På byrjinga av åttitalet gjekk dei opp nye løyper og gjorde mange feil. Dei lære mykje av feila, seier han.
Elvepadling i Våtedalen, Fjordhestgard på Reed og breføring i Briksdalen, var tilbod som vart etablert den gongen gloppen-eventyret starta. Sidan har dei levd sine liv uavhengige av kvarandre, men no håpar Kjørvik at desse aktørane igjen vil vere med, når soge nummer to i eventyret startar opp att til neste sommar.