Hopp til innhold

Gler seg over Støre sin nye plan

Større utbyggingsprosjekt vil kunne kome raskare i gang i tida framover. Det trur direktøren i Helse Vest etter at helseministeren i dag endra kravet til eigenkapital.

Gammelt sykehusutstyr

NYE KRAV: Helseministeren endra i dag kravet til kor mykje eigenkapital helseføretaka må inn med når det skal investerast i sjukehusprosjekt.

Foto: NRK

Til no har det vore slik at staten og helseføretaka har måtte leggje halvparten kvar på bordet når det skal investerast i nye sjukehusprosjekt.

I dag presenterte helseminister Jonas Gahr Støre det nye opplegget, der helseføretaka berre må ha ein eigenkapital på 30 prosent.

I tillegg blir nedbetalingstida på det statlege investeringslånet forlenga, frå 20 til 25 år.

– Kan ta betre vare på bygningsmasse og utstyr

Herlof Nilssen

NØGD: Direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, er godt nøgd med det nye opplegget for eigenkapitalkravet ved sjukehusprosjekt.

Foto: Helse Vest

Dette er godt nytt for sjukehus over heile landet. Investeringsbehovet er nemleg stort, både for nye bygg, fornying av utstyr og oppdatering av medisinsk teknologi.

Berre i Helse Førde er behovet på 1 milliard, og direktør Herlof Nilsen gler seg over det nye opplegget.

– Dette er veldig positivt. Til no har det vore noko krevjande når vi skal investere på store utbyggingsprosjekt på ein milliard eller meir.

– Då har det vore relativt mykje vi måtte skaffe i eigenkapital, men no får vi klart lettare tilgang på lån og det vil gjere at vi betre kan ta vare på bygningsmassen og vil kunne både renovere og byggje meir framover, seier han til NRK.no.

Kan kome raskare i gang

Også Støre la vekt på at dette var godt nytt då han presenterte nyheita.

– Det bør gi moglegheit til å kome i gang med sjukehusinvesteringar raskare, og det gir større handlingsrom, sa Støre til NRK.no.

Nilsen deler optimismen.

– Det vil sjølvsagt føre til at belastninga på tilbakebetaling også aukar, i og med at vi tek opp meir lån og får meir renter og avdrag. Det må vi balansere i forhold til at vi har kontroll på drifta.

– Men det at vi får lettare tilgang på likviditet, gjer at det blir lettare å ta vare på bygningsmasse og utstyret som vi har på ein betre måte, seier han.

– Dette gjer det og meir sannsynleg at store byggjeprosjekt kan kome raskare i gang, og det trur eg må vere positivt for heile Vestlandet, seier føretaksdirektøren..