Hopp til innhold

Glade for kontrollar

Innbyggjarane nær Sløvåg er glade for at det no vert strengare kontrollar med anlegg som tek i mot farleg oljeavfall.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

Statens forureiningstilsyn vil no føre strengare tilsyn med anlegg som handterar farleg avfall. Bakgrunnen for dette er mellom anna eksplosjonsulukka ved Vest Tank i Sløvåg.

- Gjer oss tryggare

Bente Halsvik, som bur i nærleiken av Sløvåg, er særs positivt innstilt til at styresmaktene no vil gjere dette. Ho meiner det syner at ein tek ulukka på alvor.

- Det gjer oss veldig mykje tryggare når dei er med å passar på heilt frå byrjinga. For oss som bur ved sidan av eit industriområde så er det jo veldig viktig at det er folk utanfrå som passar på. Då slepp vi å lure på om ting er gjort på riktig måte eller ikkje, seier ei glad Bente Halsvik.