Hopp til innhold

Gjorde funn i valdtektsetterforsking

Tysdag kveld gjorde politiet funn i samband med etterforskinga av valdtekta som skal ha skjedd i Førde for halvanna veke sidan.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde

FANN GJENSTAND: Politiet har funne gjenstandar som kan ha samanheng med valdtektssaka dei etterforskar. Biletet er teke tidlegare i etterforskinga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har undersøkt åstadsområdet og gjort funn av nokre gjenstandar som vi ville sikre, og så vil ettertida vise om det har noko med denne saka eller ikkje, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Funnet vart gjort tysdag kveld i våtmarksområdet Løken på Øyrane i Førde, og det var Firda som først melde om det.

Vil sjekke ut mest mogleg

Tvinde vil ikkje seie noko om bakgrunnen for søket, men det skal ikkje vere informasjon som har kome nyleg i etterforskinga. Låg vasstand gjorde søket lettare enn i starten av etterforskingsperioden.

– Dette var ei arbeidsoppgåve som vi bestemte oss for å gjere for å sikre oss at vi har undersøkt det vi kan undersøke.

– Har det samanheng med glasbrota som de tidlegare etterlyste?

– Det er jo i same ærend kan ein seie, i høve til at vi skal prøve å sjekke ut mest mogleg slik at vi har eit best mogleg grunnlag for å avgjere saka, seier Tvinde.

Sikta avhøyrt onsdag kveld

Lensmannen vil ikkje seie noko om kva gjenstand det er snakk om, men den kan ha samanheng med saka.

Politiet har onsdag gjort avhøyr av den sikta som tidlegare ikkje har ville forklare seg.

– Kva som kom fram der det veit eg ikkje noko om, og eg ville sannsynlegvis ikkje sagt noko om det uansett, seier Tvinde.

Forsvaren til den sikta vil ikkje kommentere kva som kom fram under avhøyret. Ho vil heller ikkje seie noko om korleis mannen stiller seg til siktinga og varetektsfengslinga.

Ifølgje operasjonsleiar for politiet, Olaug Holme, blir det gjort fleire avhøyr i saka torsdag. Då skal det også avgjerast om politiet vil be om forlenga varetektsfengsling av den sikta mannen, som torsdag har sete ei veke i varetekt.