Hopp til innhold

Vurderer om valdtektssikta kan ha brukt glas for å skade jenta

Politiet har så langt verken funne eller fått tips om glasbrota som dei tidlegare har etterlyst i samband med valdtektsetterforskinga i Førde.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde.

MEIR ARBEID: Politiet har framleis ein del arbeid å gjere før dei meiner det er trygt for saka å sleppe den valdtektssikta ut av varetekt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet etterforskar no om glaset er brukt til å truge eller skade den fornærma tenåringsjenta.

– Det er det vi prøvar å finne ut, kva slags årsakssamanhengar det er her. Dette er ei svært alvorleg sak, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Kontrollerer opplysningar

For kring ei veke sidan vart det politimeld ei valdtekt av ei tenåringsjente i Førde sentrum, ei veke etter at det skal ha skjedd. Torsdag i førre veke vart den sikta mannen varetektsfengsla i ei veke med brev- og besøksforbod. Det var ingen vitne til sjølve hendinga.

Politiet gjekk tidlegare ut og bad om tips frå folk som eventuelt hadde fjerna glasbrot frå vegen ved åstaden. No vurderer dei om sikta kan ha brukt dette til å skade eller truge jenta.

– Kva gir dykk grunn til å undersøke om dette har skjedd?

– Det er i høve til at vi, så langt som mogleg, kontrollerer opplysningar som kjem fram opp mot det vi finn på åstaden, seier Tvinde, som ikkje vil utdjupe kor desse opplysningane kjem frå.

Lensmannen vil heller ikkje seie noko om kvifor det tok så lang tid før saka vart meldt.

Skal vurdere forlenga varetektsfengsling

Lensmann Jan Egil Tvinde

ETTERFORSKAR: Lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde.

Foto: Nyhetsspiller

Denne veka held etterforskinga fram, og politiet skal blant anna vurdere om dei vil be om forlenging av varetektsfengslinga.

– Det vert nok fleire avhøyr og vurdering av kva som skal skje med sikta, om vi skal vurdere ny fengsling eller ikkje. Det blir bestemt seinare i veka, seier Tvinde.

– Kva tek de med i denne vurderinga?

– Det kjem an på kor langt vi er komne i etterforskinga, om det framleis er fare for at bevis vert øydelagde.

Kva slags bevisarbeid står att før han kan sleppe ut av varetekt?

– Det har eg ikkje full oversikt over, men det er i alle fall fleire avhøyr og ein del tekniske ting som må finnast ut av.