Hopp til innhold

Gjev regjeringa seks månader

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, gjev si eiga regjering seks månader på halde løftet om aktivt eigarskap i Hydro. For så langt har han sett lite til det dei har lova.

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

På årsmøtet til Årdal Arbeidarparti i går var det tydeleg at det er byrja å snike seg inn ein tvil i Årdal om Arbeidarpartiet vil halde dei fagre løfta om eit aktivt eigarskap.

Industribygda er avhengig av at Hydro snur og ventar med å stengje ned dei gamle Søderberg-omnane. Håpet er difor at staten skal bruke eigarmakta og gripe inn. 

 

Arild Ingar Lægreid
Foto: Hanne Stedje, porten.no

- Vag regjering 

Men så langt har regjeringa vore vage på korleis dei i praksis skal gå inn og styre Hydro. På årsmøtet vart det difor vedteke resolusjonar for å påverke regjeringa med krav om modernisering av verket i Årdal. Ordførar Arild Ingar Lægreid på si side gjev no regjeringa ein deadline.

- Eg ventar iallefall at det skjer noko i løpet av eit halvår. Vi er lova av Hydro å få eit klart signal på kva som vil skje med Søderberg-omnane, om dei kan vere i drift nokre fleire år slik at vi betre tid til omstilling, seier han.  

- Må ta samfunnsansvar

- Regjeringa må få inn representantar i styret i Hydro som tenkjer på samfunnsansvar og ikkje berre på profitt, sa sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, Jan Bøhler på møtet i går. 

Han meiner regjeringa må vere aktive i valet til nytt styre dersom dei skal halde vallovnaden om aktivt eigarskap.

Bøhler var og klar på at krafta som vert til overs når Hydro må brukast til industrireising i bygda.