Gjer nytt forsøk på makrellstørja
Som einaste båt i landet får båten Hillersøy frå Bulandet fiske etter makrellstørje til hausten, skriv Firda. Brørne Tore og Magnar Hillersøy fiska også etter størje i 2014, men fekk då ingenting. I staden tapte dei vel ein halv million kroner. Kjøtet frå makrellstørja er veldig attraktivt på restaurantmarknaden i mellom anna Japan og USA.