Hopp til innhold

Får forsøksfiske etter makrellstørje

Blant 28 søkjarar er fartøyet Hillersøy frå Bulandet i Askvoll kommune vald ut til å delta i forsøksfiske etter makrellstørje i 2014.

Tore Hillersøy om fiske etter makrellstørje

FEKK LØYVET: Blant alle søkjarane var det Tore Hillersøy frå Bulandet som vann fram, og no får forsøksfiske etter makrellstørjen som har vendt tilbake til norskekysten.

Foto: Montasje: Gudvangen/NRK/Creative Commons

Det skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider. Tidlegare i år lyste dei ut løyve til forsøksfiske, etter at det vart oppdaga at makrellstørjen, eller tunfisken, er tilbake langs kysten.

Direktoratet har samanlikna utstyr og utrusting på fartøya og vurdert moglegheitane for å ta vare på kvaliteten på fangsten på ein god måte. I tillegg er det lagt avgjerande vekt på tidlegare erfaring med slikt fiske, skriv direktoratet.

Forsvann frå norskekysten

Overfiske førte i si tid til at størja, eller tunfisken. forsvann frå norskekysten. Og samstundes erobra den japanske sushien verdsmarknaden.

Det er over 30 år sidan fiskebåtreiar Tore Hillersøy var med på å fiske etter makrellstørje. Han er den einaste blant dei 28 søkjarane som no får lov å starte med forsøksfiske.

– Hadde vore moro

Tidlegare i mars sa han til NRK at han håpte at dei ville få løyvet.

– Det er mange med erfaring frå størjefiske som har meldt si interesse. Eg håpar dei som får løyvet får det bra til … Men det hadde vore moro å fått vere med ein gong til.

Makrellstorja er på veg tilbake til Norske farvattem og no kjempar fiskerane om det første størjefiske-løyvet.