NRK Meny
Normal

Gjenopning av historisk ferdselsveg

I dag opna Kamperhamrane mellom Stryn og Skjåk på nytt. Dette skal vere ein av dei eldste ferdselsvegane i Noreg.

Kamperhamrane

TRAPP: Her ser ein det høgste punktet på vegen. Ein kan så vidt skimte trappetrinna, bygd av nepalske sherpaer.

Foto: Anne Rudsengen

– Dette vil bli ei veldig attraktiv rute for turfolk. Her har folk vandra mellom vest og aust heilt tilbake til 1100-talet, fortel Olav Auflem, leiar i Indre Nordfjord turlag.

Det er DNT og Riksantikvaren som står for restaureringa, som er ein del av prosjektet «Historiske vandreruter». I løpet av Friluftslivets år skal heile sju slike vandreruter rundt om i landet opne.

Nye trappetrinn takka vere sherpaer frå Nepal

Vegen strekk seg over 3 mil, frå Sunndalen i Oppstryn til Skjåk i Oppland, og er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark.

– Det var då den gamle Strynefjellsvegen opna rundt 1900 at denne ferdselsåra vart meir og meir gløymt, seier Auflem.

Ruta har ikkje vore merka på mange år, men i 2013 starta dei restaurering av vegen på lokalt nivå, og etter kvart kom staten inn med 600.000 kroner frå Statens naturoppsyn (SNO).

– No har den fått nye trappetrinn takka vere flinke sherpaer frå Nepal, så vi håpar at folk igjen kan få auga opp for dette flotte området.

Kamperhamrane ovanfor vatnet

OVANFOR VATNET: Heile turen tek nok 10 timar, seier turlagsleiar Olav Auflem.

Foto: Anne Rudsengen

Markering på Sunndalssetra

Markeringa i dag starta med ein felles tur opp Kamperhamrane kl. 10.

– Vi var litt spente på oppmøtet frå Strynesida med tanke på vêret, men det gjekk over all forventning. Vi var 40 som la ut frå Sunndalen og opp mot Kamperhamrane. Når vi kom ned att til Sunndalssetra der det var opning kl. 16 tippar eg vi var opp mot 150 til stades. Vi er svært nøgde, alle saman, seier Auflem.

Under opninga var det talar frå ordførarane frå Stryn og Skjåk, og generalsekretæren i DNT, Nils Øveraas, avduking av eit informasjonsskilt, kulturinnslag og lett servering.

Auflem fortel om god stemning og at alle hytteeigarane i området stilte opp og kokte kaffi til dei frammøtte. Det er endå ikkje ei DNT-hytte på setra, men det er snakk om at ein skal bygge ei på sikt, seier turlagsleiaren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune