Hopp til innhold

Gir seg etter 100 år med butikkdrift

I 100 år har Underdalsbui vore i Leif Inge Underdal sin familie. Dei nye eigarane tek over for å hindra at bygda mistar butikken sin.

Leif Inge Underdal (t.v.) og Geir-André Gilbu

EIGARBYTE: Leif Inge Underdal (t.v.) gav frå seg Nærbutikken i Undredal til Geir-André Gilbu for to veker sidan.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er litt vemodig, seier Underdal.

Familiebutikk

I nøyaktig 100 år har butikken vore i familien til avtroppande butikksjef Leif Inge Underdal. I 1919 opna grandonkelen hans butikken. Men for eit par veker sidan gav Underdal frå seg nøklane til nokon utanfor slekta. Det var Sogn Avis som skreiv om eigarbytet først.

Å driva den vesle nærbutikken har ikkje vore ein 8 til 15.30-jobb. I tillegg til matbutikk, er det også utsalsstad og engrosverksemd for den verdskjende Undredalsosten. Underdal driv også Opplev Undredal, som er eit visingssenter for dei lokale tradisjonane og serveringsstad.

Leif Inge Underdal

BUTIKKSJEFEN: Leif Inge Undredal har gjeve frå seg nøklane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Å sjå lys på kontoret hans midt på natta er ikkje ukjend for naboane. Akkurat det ser han fram til å sleppa framover.

– Eg er veldig tilfreds med å ha fått folk som er villige til å gå inn i dette med full energi og pågangsmot, og dei har allereie byrja å setta spor etter seg i butikken. Eigentleg var det mest ei bør som var løfta av skuldrene mine, seier Underdal.

– Viktig funksjon i bygda

Det er Geir-André Gilbu og sambuaren som tek over. Gilbu driv med guiding i bygda, og seier ei viktig årsak til at dei tek over butikken er å sikra at bygda har ein butikk og møteplass i framtida.

– Butikken er veldig viktig for bygda, og det er også årsaka til at me sa ja til å overta drifta. Me er veldig opptekne av at det skal vera ein butikk her, og at bygda skal vera levande også i framtida, seier Gilbu.

Leif Inge Underdal (t.v.) og Geir-André Gilbu

EIGARBYTE: Leif Inge Underdal (t.v.) og Geir-André Gilbu i delen av butikken som er møteplass og servicesenter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei har allereie sett sitt preg på butikken. I tillegg til møteplass, matbutikk, suvenirar og osten, skal dei også få på plass eit lokalbibliotek og servicesenter i samarbeid med kommunen og turistnæringa.

– Vårt fokus er å ikkje fylla butikken med suvenirar, men å vera ein sosial møteplass for dei som er i bygda. Me skal også bli meir kjend som ein stad med lokalmat frå fjordane.

– Korleis er balansen å driva ein nærbutikk for dei lokale og samstundes ein butikk for turistane som kjem hit?

– Dei lokale skal ikkje symja i turistting, det er veldig viktig, seier Gilbu.

Vanleg kunde

Leif Inge Underdal ser no fram til å kunne vera ein vanleg kunde i butikken.

– Eg hadde ei litt spesiell oppleving for nokre dagar sidan. Eg var i butikken med handlevogna og skulle handla. Då kom det ein annan kunde inn og sperra auga opp då han såg meg med handlevogna. Han måtte jo ta bilete av meg for å dokumentera det, seier Underdal.

Undredal

UNDREDAL: Butikken er ein møteplass i bygda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK