Hopp til innhold

Fann nytt hotellnamn i historisk person

Gamle Hopstock Hotell i Vik er historie. Nye eigarar ser framover med nytt namn og nye visjonar.

Jorunn Åsfrid Røyrvik.

TOK OVER: Jorunn Åsfrid Røyrvik og familien hennar trengde ikkje lang tenkjetid før dei bestemte seg for å ta over gamle Hopstock Hotell i Vik. – Vik har uendeleg mykje å by på. Vi treng eit hotell og eg ser potensial, sjølv om eg er veldig klar over at her blir mykje hardt arbeid over lang tid for å få det til, seier ho.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hotellbygningen har stått innpakka i plast og med skalka vindauge etter brannen for snart fire år sidan .

Det er enno ikkje avklara når atterreisingsarbeidet startar, eller når det opnar att. Men når hotelldørene på Vikøyra opnar, er det ikkje lenger under namnet Hopstock Hotell.

– Det var ein prosess i seg sjølv å komme fram til kva hotellet skal heite. Vi har stor respekt for namnet hotellet har hatt i mange år, og historia som set i veggane her. Samstundes blir det på mange måtar ein ny start, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik og røper at hotellet får namnet Blix hotell.

– Ein sterk mann

Peter Andreas Blix

STOR MANN: Peter Andreas Blix budde dei siste åra av livet sitt fast på gamle Hopstock Hotell.

At hotellet får namnet Blix, er ikkje heilt tilfeldig. Peter Andreas Blix (1831–1901) har nemleg sitt eige minnesmerke ved hotellet og frå før fått idrettshallen Blixhalli kalla opp etter seg. Blix var ingeniøren, arkitekt og kyrkjebergar. Han teikna mellom anna Fleischers Hotell på Voss og Mundal Hotell i Fjærland.

I tillegg stod han for restaureringa av Hove steinkyrkje og Hopperstad Stavkyrkje.

– Det er ein sterk historie og ein sterk mann for Vik. Vik har mykje å takke Blix for, seier Røyrvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann ved Hopstock hotell

BRANN: 65 personar måtte evakuere då det byrja å brenne på Hopstock hotell.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

Har opna annekset

– Det er eit fint namn, eit greitt namn og eit kort namn. Det har samstundes litt fart i seg, legg Røyrvik til om det nye namnet til det første hotellet i fylket som fekk utferda hotelløyve.

Gamle Hopstock hotel, no Blix hotel.

SKIFTAR NAMN: Hotellet på Vikøyri har fått nytt namn, Blix hotell.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sidan brannen har det vore jobba for å få drift att i hotellet. Røyrvik vart engasjert som prosjektleiar, men tok saman med familien sin over hotellet like før årsskiftet .

I dag står framleis mykje som det gjorde då brannen starta natt til 28. mai 2010 . Kjøkkenet og matsalen er totalskadd, medan annekset opna for overnatting for kort tid sidan.

Symbolsk lysekrone

I resepsjonen er det framleis lys i den gamle lysekrona. For dei nye eigarane er krona eit symbol på at dei skal gjenreise hotellet.

Resepsjonen ved gamle Hopstock hotel, no Blix hotel.

SYMBOLSK: Denne lysekrona symboliserer den lyse framtida dei nye eigarane ser føre seg for hotellet i Vik.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Då eg kom inn første gang og såg lysekrona i de resepsjonen her, ein resepsjon der du ser godt at det har brent, så heng den framleis. Så tenkte her er potensial, her er moglegheiter, smiler Røyrvik.

Vel vitande om at det vil ligge mykje hardt arbeid bak ei gjenopning av hotellet.

– Berre å gå i gang

– Det blir mykje arbeid på mange måtar. Samstundes er det berre arbeid, så det er berre å gå til verket. Må ta ting i rett rekkjefølgje og gjere våre vurderingar om kor mykje og korleis vi kan gjere det, seier Røyrvik.

– Korleis skal det sjå ut når det står ferdig? Blir det tre etasjar og funkisstil, skal de rive alt og byggje det opp att?

– Akkurat no kan vi ikkje svare på det, sidan vi er inne i den prosessen. Korleis skal det bli, kor mykje kan vi investere, kva har vi tru på. Men hotellet vil ha same utforming som i dag, men vi har lyst til å få vår stil på det og gjere våre endringar.