Hopp til innhold

Ann Lisbeth og Runar gifter seg 11.12.13

Ann Lisbeth Lesto og Runar Hovland vart aldri heilt samde om korleis eller kor dei skulle gifte seg. Men for fire veker sidan fekk dei eit innfall då dei såg på kalendaren...

Ann Lisbeth Lesto og Runar Hovland

ENDELEG: Ann Lisbeth Lesto og Runar Hovland har vore i lag i mange år. I dag gifter dei seg, på ein dato som dei seint vil gløyme.

Foto: Privat

– Det var vel datoen som gjorde til at vi endeleg klarte å rote oss til å gjennomføre giftarmålet. Vi har vore forlova i nokre år, og så har vi liksom ikkje komme fram til kva form vi ønskte på bryllaupet, seier Lesto.

Men då ho og kjærasten, Runar Hovland, såg at 11.12.13 nærma seg, vart det fart på sakene.

– Vi fekk eit innfall for fire veker sidan om at vi kanskje skulle ta å gjere det den dagen. Så då gjer vi det, seier Lesto.

Kom overraskande på både familie og venner

Mange meiner kanskje at fire veker er i kortaste laget når ein skal planleggje bryllaup. Men Lesto og Hovland har god kontroll.

– Det har gått ganske greitt. Vi har overraska ganske mange, men nesten heile den næraste familien har moglegheit til å vere i lag med oss i dag, seier Lesto.

Også dei to borna på fire og sju vart overraska då mamma og pappa annonserte at eit bryllaup var rett rundt hjørnet.

– Ho på fire sa ho skulle bestemme kjole til seg og mamma, og storebror på sju sa vel «Å ja». Men dei gler seg og tykkjer dette er kjekt, seier Lesto.

Klokka 15 vert paret via i Fjordane tingrett, deretter går turen til Håjen for bryllaupsmiddag, før det vert kaffi og kaker heime i Naustdal.

Fridde på skotårsdagen

Men det er ikkje berre bryllaupsdatoen som er spesiell for paret frå Naustdal. Også forlovingsdatoen er litt utanom det vanlege.

– Vi forlova oss på skotårsdagen i 2008. Då fridde eg og fekk ja. Også det var etter innfallsmetoden, det er den vi opererer etter, seier Lesto og ler.

Men ho har eit avbalansert forhold til den spesielle datoen, og har ikkje fundert veldig mykje på det.

– Ikkje anna enn at det er litt artig då. Det var litt tilfeldig, men det er litt ekstra. Men det var ikkje slik at vi leitte etter spesielle datoar, seier Lesto.

– Men det er ein litt kul dato å ha inngravert i ringen?

– Ja, det er jo litt stilig. Vi skulle først gifta oss klokka 14, men det gjekk ikkje heilt i boks. Då hadde det vorte 11.12.13.14. Men det blir ganske nær, ler Lesto.

– Men med ein slik dato, er det vel nesten uråd å gløyme bryllaupsdagen?

– Det var iallfall noko av det første mannen min sa: då skal no til og med eg klare å hugse det. Kanskje blir det eg som gløymer det, ler Lesto.

Trur datoen kom brått på

Men i motsetnad til for eitt år og ein dag sidan, 12.12.12, då tingrettane både i fylket og i landet elles var sprungne ned av giftelystne, så har ingen andre enn Lesto og Hovland funne turen til sorenskrivarane i fylket i dag.

– Nei, vi har berre eitt par her hjå oss. Eg trur ikkje denne datoen har slege an slik som ein del slike datoar har gjort før, seier Inger Huus ved Fjordane tingrett.

Også ho er litt overraska over at ikkje fleire har valt denne datoen.

– Det kan verke som om 12.12.12 slo betre inn blant folk. Eg trur kanskje ein del ikkje har sett denne komme i det heile, det har nok komme litt brått på folk, seier Huus.

I Sogn tingrett har dei ikkje ei einaste vigsle i dag.

– Eg har ikkje tenkt på datoen i det heile før du ringde. Men det er jo ein spennande dato, ikkje tvil om det. Men det er nok ingen her i Sogn som har nytta seg av denne til giftarmål, så no er det for seint, seier sorenskrivar Harald Hjermann.