GHK er med sigeren i Bergen nummer tre på tabellen. GHK er ferdig med sine kampar, men kan framleis bli passert av eitt lag og dermed hamne på fjerdeplass. Dei fire beste rykker i utgangspunktet opp i 2. divisjon. Men det er ein hake: Dersom Jotun rykker ned frå 1. divisjon, skyv dei lag nummer fire nedatt i 3. divisjon.
Hard kamp for Jotun
Og Jotun får ikkje noko gratis i kampen for å overleve i 1. divisjon. Laurdag vann Vikersund litt overraskande mot Årstad, og passerte Jotun på tabellen. Jotun er dermed på nytt under streken, på same poengsummen som Vikersund og Træff.
Jotun møter Vikersund borte komande laurdag, og utfallet kan bli avgjerande for kven som rykkjer ned i avdelinga.