Hopp til innhold

Gav lønsauke - måtte slutte

Wenche Lie Lysne skal ha gjeve tre legar ved ortopediklinikken i Lærdal høgare løner. Det er grunnen til at ho måtte slutte som ass. klinikkdirektør.

Wenche Lie Lysne
Foto: Cosmin Cosma, NRK

Det kom svært overraskande på mange då det i forrige veke vart kjent at Wenche Lie Lysne måtte gå på dagen som assisterande klinikkdirektør i Helse Førde.

Enkelte knytte avgangen opp mot den interne e-posten som var kome ut i media.

Fleire på sjukehuset i Lærdal som NRK snakka med, var sikker på at Lie Lysne hadde fått sparken fordi Helse Førde meinte det var ho som hadde sendt e-posten vidare.

Leiinga i helseføretaket har heile tida avvist at dette har vore årsaka.

Auka løna til ortopedane

NRK Sogn og Fjordane veit i dag at det som felte Wenche Lie Lysne, har med lønsforhandlingar å gjere. Den tidlegare assisterande direktøren skal ha gitt tre ortopedar ved ortopediklinikken i Lærdal høgare løner. Korkje leiinga i Helse Førde eller Lie Lysne sjølv kan kommentere opplysningane. Dei har blitt samde om at dei ikkje skal uttale seg om saka.

Men fleire tilsette i sjukehusmiljøet i Førde veit kva som har skjedd og NRK får opplyst at Lie Lysne ikkje skal ha hatt fullmakt til å gje dei tre legane høgare løn. Det ansvaret ligg til klinikkdirektør Anne Margrete Øvsthus.

Wenche Lie Lysne har vore tilsett ved Lærdal sjukehus sidan 1986. Ho har vore assisterande klinikkdirektør i Helse Førde vel eitt år.