Gamalosten er både berykta og elska. Det få kanskje veit er at Kong Harald faktisk er æresmedlem i Norsk Gamalostlag. I dag fekk altså både han og Dronninga servert den eksklusive retten.
– På ein skala frå null til ti - kva karakter vil du gje osten, spurde Vestlandsrevyen sin reporter Geirmund Henjum etter smakstesten.
– 11, tenkjer eg, kom det kontant frå Kongen, som måtte medgje at han nok ikkje hadde denne typen ost på bordet kvar dag.
Kong Harald fekk inngåande kjennskap til ystinga av gamalosten. Her er det meieristyrar John Inge Sørland som er guide.
Dronninga såg også ut til å like produktet, og forsynte seg rikeleg fleire gongar av det som vart bydd fram.
Kongen (i bakgrunnen) gav toppkarakter til gamalosten. I forgrunnen: Dronning Sonja smakar portvinsmarinert gamalost! Fylkesmann Oddvar Flæte og politimeister Kjell Ese følgjer spent med.