Hopp til innhold

Gav 400 kroner til feil bøsseberar

Leif Hatlestad i Høyanger åtvarar mot falske bøsseberarar.

TV-aksjonen 2008

Bakgrunnen er eit besøk søndag der familien hans gav ei kvinne 400 kroner i bøssa si.

- Vi hadde nett snakka om kor bra det er med TV-aksjonen og at dette skulle vi gje pengar til. Då det ringte på døra tenkte vi ikkje at det kunne vere noko anna enn TV-aksjonen, fortel Hatlestad.

Gav 400 kroner

Utanfor døra stod ei kvinne av utanlandsk opphav. Då ho strekte fram bøssa, gav Hatlestad først 200 kroner. Barnebarnet ville også gje pengar. Dermed fekk kvinna 200 kroner til før ho gjekk vidare.

- Vi kommenterte at det var bra at innvandrarane vert integrert i slike aksjonar, men då vi såg på TV seinare på kvelden forstod vi at det ikkje var TV-aksjonen. Den er jo først på komande søndag, seier Hatlestad.

- Burde sjekka

Kvar kvinna kom i frå, eller kva ho samla inn pengar til, veit ikkje Hatlestad. Men pengane gjekk ikkje til årets TV-aksjon . Pengane frå innsamlingsaksjonen går til prosjekt i både Norge og utlandet .

- Bøssa var blank og i ettertid ser eg at eg burde ha forsikra meg om at ho faktisk samla inn til Blå Kors, seier han. Geir Færøvik ved Høyanger lensmannskontor stadfestar at dei den siste tida har fått fleire meldingar om bøsseberarar i bygda

- Bør vere obs

Også operasjonssentralen i Florø har fått meldingar frå fleire stadar i fylket om bøsseberarar dei siste vekene. Politiet vil likevel ikkje konkludere med at kyniske personar prøvar å utnytte TV-aksjonen.

- Vi får jamt og trutt meldingar om bøsseberarar, spesielt på ferjekaiene. Men folk bør nok vere litt obs. Ein god start er å be om å få sjå løyve frå politidistriktet som dei opererer i, seier operasjonsleiar Inge Værøy.

- Kan ta feil

Fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen , Kristin Sandal, fryktar ikkje at mange gjevarar går på limpinnen og gjev pengar til falske bøsseberarar.

- TV-aksjonen er etterkvart innarbeidd og føregår på søndagar med sending heile dagen på NRK. Men det er klart at folk som ikkje veit når aksjonen er, kan ta feil. Noko stort problem trur eg likevel ikkje at det er, seier Sandal.

Kristin Sandal

Fylkesaksjonsleiar, Kristin Sandal, i TV-aksjonen.

Foto: Birger Meland / NRK

Sjekk før du gjev

Kommande søndag vil kring 2.000 bøsseberarar vitje heimane i Sogn og Fjordane. Etter planen etter klokka 16, men Sandal fortel at det også er ein del "lokale" variantar.

- Bøssene er plomberte og er merka med Blå Kors-emblem. Bøsseberarane skal også ha pins frå Blå Kors og emblem som er likt det på bøssa. Dei skal også ha identifikasjon, seier Sandal.