Hopp til innhold

Går til kamp mot nedlegging av regionkontor

Politikarane lovar å kjempe mot at Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy skal bli lagt ned.

Jenny Følling

HELLER TIL, ENN FRÅ: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) meiner ein i staden for å flytte etatar frå Sogn og Fjordane, heller bør flytte dei til.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Måløy er fiskerihovudstaden i fylket, og dei 20 arbeidsplassane som er knytte til Fiskeridirektoratet er heilt avgjerande. Dei er også knytte tett opp mot næringslivet i Måløy, seier fylkesvaraordførar for Senterpartiet, Jenny Følling.

Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy kan bli flytta til Bergen, og Måløy blir då ståande att med berre eit lokalkontor.

I dag har direktoratet over 20 statlege arbeidsplassar i Måløy. Følling meiner like godt at det er Måløy som kan ha det nye føreslegne regionkontoret som skal dekke frå svenskegrensa til Stad.

Vil ikkje sitje stille og sjå på

Ho peikar på at både Statens vegvesen, Lotteritilsynet og Difi utviklar seg godt, sjølv om dei ligg i distriktet.

– Ein kan flytte noko hit også. Vi kan ikkje sitje stille og akseptere dette, seier Følling.

Ei omgjering av regionkontoret i Måløy til lokalkontor skal ifølgje Fjordenes Tidende vere ei tilråding frå ei intern arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet, og skjer fordi ein ynskjer å redusere talet på regionar. Fiskeridirektøren skal vurdere tilrådinga før utgangen av februar, og kome med ei tilråding til Fiskeri- og næringsdepartementet.

Der sit to Høgre-statsrådar, og fylket sin eigen stortingsrepresentant frå Høgre Bjørn Lødemel lovar at han skal jobbe for kontoret.

– Den saka er vi på og følgjer opp, seier Lødemel.

Også Lødemel meiner eit samanslått regionkontor like godt kan ligge i Måløy.

Fryktar fylket blir sitjande ribba tilbake

– Viss ein skal gjere endringar, så er Måløy definitivt ein stad som ein kan vidareutvikle, seier Lødemel.

Jenny Følling meiner framlegget om å flytte regionkontoret frå Måløy føyer seg inn i rekka av sentraliseringa av statlege arbeidsplassar frå fylket. Politidistrikt, høgskule og skattekontor kan oppleve at leiinga forsvinn og arbeidsplassar bli sentralisert.

– Det kviler eit stort ansvar på den sitjande regjeringa. Å stoppe opp og sjå på konsekvensane av prosessane, er heilt avgjerande. Elles kan fylket vårt sitje ribba tilbake, seier Følling.

Lødemel meiner Følling har lite å fare med.

– Eg tykkjer det er ein merkeleg påstand frå Følling når vi veit det var den raudgrøne regjeringa som la ned tollkontoret i Måløy. Det var også den regjeringa som starta opp politireforma, seier Lødemel.