Hopp til innhold

Går inn for å leggje ned forskingsstasjonen på Fureneset

Interimsstyret for NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi, vedtok i dag i ei tilråding til departementet om å leggje ned forskingsstasjonane på Fureneset i Fjaler og Løken i Valdres.

Bioforsk Vest Fureneset

VIL KUTTE: Interimsstyret i NIBIO ønskjer å kutte forskingsstasjonen Fureneset i Fjaler.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I mars gjekk også styret i Bioforsk inn for å leggje ned Fureneset, samt forskingsstasjonane på Holt og Løken.

NIBIO er ei samanslutning av tre ulike forskingsinstitutt som no skal gå saman til ein.

– Mandatet interimsstyret har fått, er å frigjere administrative ressursar og driftsutgifter for å styrkje forskings- og utviklingsarbeidet, seier interimsstyreleiar NIBIO, Einar Steensnæs.

Vil avvikle to einingar

– Vi har vedteke ein hovudstruktur, med basis i dei fire landsdelane, vi har sett på dei einskilde einingane, der vi kan ha ei grunngitt meining om kva som bør vere status og organisering, og vi har sett på dei einingane der det ikkje er grunnlag for å trekkje konklusjonen, seier Steensnæs.

Einar Steensnæs

LEIA ARBEIDET: Einar Steensnæs er interimsstyreleiar i NIBIO.

Foto: Ingunn Strand

Interimsstyret føreslår å avvikle to einingar, Fureneset i Sogn og Fjordane og Løken i Valdres.

– Vi meiner det går an å leggje både ein fagleg og økonomisk vurdering til grunn for ei tilråding, seier Steensnæs.

Vil halde på forskingsaktiviteten

Avgjerda om regional struktur vert endeleg fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

– Men ei nedlegging betyr ikkje at ein også nullar ut all forskingsaktivitet. Tvert om føreset interimsstyret at forskingsaktiviteten vert halden oppe, og at NIBIO får tilgang til forskings- og utprøvingsfelt for å dekkje dei faglege behova, seier Steensnæs.

– Vil nokon miste jobben sin ved Fureneset og Løken?

– Ein må vere budd på at det vert ei innsparing på den administrative driftsmessige sida i desse to einingane, seier Steensnæs.

Korleis ei organisering av eit forskingsmiljø skal organiserast, er ikkje nok interimsstyret ønskjer å ta standpunkt til.

Etter 76 år går det mot slutten for forskingsstasjonen Bioforsk Vest i Fjaler i Sogn og Fjordane. Styret har valt å leggje ned forsøksgarden. Dermed forsvinn forsking som er viktig for vestlandsbøndene - meinar forskarane sjølve.

Skal ha tilgang på areal

Han presiserer at NIBIO skal ha tilgang til ulike areal i forskjellige delar av landet slik at landbruket kan utviklast under ulike klima- og vekstvilkår.

– Vi føreset at forskingsaktivitet knytt til denne type jordbruk i denne klimasona og dette jordsmonnet vert halde oppe for å betene jordbruket med det dei treng, seier Steensnæs.

Han legg til at det har vore utfordrande å finne innsparingar.

– For til mange av utgiftene er det også knytt inntekter. Vi må sørgje for å halde på hjernekrafta. Vi kan ikkje lage ein struktur der forskarane som skapar verdiane og aktiviteten finn ut at dei heller vil gjere noko anna, seier Steensnæs.