Hopp til innhold

Dei bur og arbeider i Hyllestad, men rundt hundre skattar til andre kommunar

Hyllestad går glipp av fem millionar kroner i skatteinntekter fordi rundt 100 utanlandske arbeidarar på Havyard ikkje skattar til kommunen.

Utanlandske arbeidarar ved Havyard Leirvik

IKKJE ALLE SKATTAR TIL HYLLESTAD: Utanlandske arbeidarar ved Havyard Leirvik. (Arkivbilete).

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er snakk om mykje pengar for ein kommune som treng det sårt, seier ordførar Jan Olav Gjerde.

– Slik eg ser det skal folk som bur og arbeider i Hyllestad skatte til Hyllestad, og det skjer ikkje. Fem milllionar er ganske mykje for ein liten kommune. Vi synest det er prinsipielt feil at vi ikkje får desse skatteinntektene.

Skattar til ein kommune heile året


Omstillingskommunen Hyllestad har i underkant av 1400 innbyggjarar.
Verftet Havyard Leirvik har mellom 250 og 350 innleigde arbeidarar til ei kvar tid.

Men kva kommune dei skattar til kjem heilt an på kvar dei registrerte seg då dei kom til landet, seier gruppeleiar for publikumsrettleiing i Skatt Vest, Bjarte Jørgensen.

– Dersom ein utanlandsk borgar har hatt eit arbeidsoppdrag i ein annan kommune først og blitt registrert der vil han vere skattepliktig til den kommunen gjennom heile året.

– Brukar vårt helsevesen

Jan Olav Gjerde

-PRINSIPIELT FEIL: Ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad meiner kommunen sårt treng skatteinntektene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK


Men arbeidarane på skipsverftet har berre korte opphald kvar stad. Ordførar Gjerde meiner det blir heilt feil at dei skal gå glipp av skattepengar frå slike arbeidarar.

– For dei bur i Hyllestad og dreg til dømes vekslar på vårt helsevesen.


No vil Gjerde ha ei endring i lovverket.

– Ansvaret for å løyse dette ligg hjå Finansdepartementet.