Hopp til innhold

Fyllingen skremmer ikkje Aabrekk

I fjor stod Fyllingen for ei aldri så lita cup-bombe då dei slo ut Brann. Sogndal-trenar Harald Aabrekk let seg likevel ikkje skremme av bergenslaget.

Harald Aabrekk

TEK MOTSTANDARANE PÅ ALVOR: Harald Aabrekk let seg ikkje skremme av Fyllingen, men tek laget på alvor.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Måndag ettermiddag vart det klart at eliteserielaget frå Sogn møter 3. divisjonslaget Fyllingen til andre runde i cupen.

Aabrekk seier dei skal ta Fyllingen på alvor, men har stor tru på siger.

- Det er viktig for oss å vere med vidare i cupen, og eg trur og håpar vi skal klare å slå Fyllingen, seier Sogndal-trenaren til NRK.no.

Kanskje ikkje like lett vidare til tredje runde?

Etter 6-2 siger mot det nyopprykte 3. divisjonslaget Saga søndag, gjekk Sogndal lett vidare i cupen.

Mange vil nok seie at dei får minst like lett motstand når dei møter Fyllingen på bortebane i andre runde.

Men Fyllingen er samtidig eit lag som før har vist at dei kan klare det mange aldri hadde trudd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Jubel i Fyllingen

CUP_BOMBE: Slik såg det ut då Fyllingen slo ut Brann i NM-cupen i fjor.

Fyllingen stod for cup-bombe i fjor

19. mai i fjor slo det ned ei cup-bombe på Varden stadion då Fyllingen slo eliteserielaget Brann 1-0.

Etter 54 minutt spel klinka Fyllingen ballen i mål bak Brann-keeperen til stor skuffelse for både spelarar og lagleiinga på Brann.

Harald Aabrekk har liten tru på at det same skal skje då Fyllingen møter nok eit eliteserielag i år.

- Vi let oss ikkje skremme av det som skjedde i fjor. Det er likevel viktig at vi tek laget på alvor, seier Aabrekk.

- Vi skal vinne

Fyllingen har også vist musklar i årets NM-cup, då dei i første runde slo ut 2. divisjonlaget Førde.

- At Fyllingen har teke seg vidare i cupen etter siger mot eit 2. divisjonlag viser at dei er eit godt 3.divisjonslag, seier Aabrekk.

Sogndal-trenaren seier laget no skal førebu seg godt framfor kampen som går på Varden stadion 12. mai.

- Eg håpar på siger. Kor vidt det blir med eitt eller to mål har ikkje mykje å seie. Det viktigaste er at vi vinn kampen og går vidare til neste runde, seier Aabrekk.

Tredjedivisjonslaget Tornado Måløy tek i mot Kjetil Rekdal og Aalesund FK på heimebane i andre runde av cupen.