Den klåre oppmodinga om å be daglegvarebransjen boikotte rusbrus, vart vedteken mot dei to røystene til Framstegspartiet og ei røyst frå Senterpartiet.
Kritiserte KrF
Sjølv om ho gjekk inn for å støtte fråsegna, hadde Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet problem å akseptere at det er KrF som legg fram eit slikt forslag. Ho peika på at Kristeleg folkeparti i Stortinget gjekk mot 20 års aldersgrense på rusbrus, noko som ville ha hindra rusbrus i butikkane.
Ros til Lerum
Samstundes nytta ho høvet til å rose Lerum Fabrikker AS for å la vere å produsere rusbrus.
- Lerum er eit glimrande føredøme, og det dei gjorde var truleg mykje meir haldningsskapande enn det vedtaket vi gjorde i dag, sa Navarsete.