Bente Øien Hauge. Arkivfoto NRK
For koordinator i folkebevegelsen for lokalsjukehusa, Bente Øien Hauge, kom vedtaket overraskande. Det var stortingrepresentant frå Sogn og Fjordane Per Steinar Osmundnes som kom med forslaget.
Som før helsereforma
Framlegget inneber at KrF vil ha styringa av sjukehusa slik det var før helsereforma, då fylkeskommunen eigde og administrerte sjukehusa i Sogn og Fjordane. Dersom Sogn og Fjordane i framtida blir ein del av ein større region, bør styringa av sjukehusa ligge på regionnivå, meiner landsmøtet. KrF var imot sjukehusreforma i utgangspunktet. Med dette landsmøtevedtaket sluttar KrF seg til standpunkt som mellom andre Senterpartiet har fremja.
Per Steinar Osmundnes. Arkivfoto NRK
I tillegg vedtok også landsmøtet å jobbe for beredskapen på sjukehusa.
Sjukehusrørsla mobiliserer
Bente Øien Hauge, som jobbar for å bevare lokalsjukehuset i Lærdal, vil også ha attende meir lokalpolitisk styring. I helga var ho koordinator då aksjonistar frå heile landet samla seg i Oslo for å leggje felles strategiar i arbeidet for lokalsjukehusa. Dei har no som mål å få med seg fleire parti til å ta denne saka med seg inn i valkampen.