Sigurd Kvikne på Kviknes Hotell i Balestrand tenner på ideen frå Senterungdommen. Leiar i sentralstyret, Erlend Fuglum, meiner auka fokus på turisme ikkje berre er ønskeleg for distrikta, men heilt naudsynt. - Då bør vi ha eit eige departement for reiseliv, meiner han.
Bra for Sogn og Fjordane
Og Sogn og Fjordane er eitt av dei fylka som hadde tent mest på eit reiselivsdepartement som kan hjelpe til med å få turistane hit, seier Fuglum.
Vanleg i andre land
Mange andre land har eige reiselivsdepartement. No vil andre nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, jobbe for at Noreg skal få eit slikt departement.