Hopp til innhold

Fylkespolitikarane rauk i tottane på kvarandre

BALESTRAND (NRK): Fylkespolitikarane var i kveld rykande usamde under møtet i fylkesutvalet. Dei borgarlege hindra dei raudgrøne i å vedta regjeringskritiske utsegn.

Fylkesutvalsmøte

STEILE FRONTAR: Det vart harde ord og mykje debatt då det borgarlege mindretalet i fylkesutvalet hindre det raudgrøne fleirtalet i å vedta regjeringskritiske høyringsutsegn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Liten tvil om at det er valår i år. For det som skulle vere politisk plankekøyring i fylkesutvalet på Kviknes hotell i kveld, vart ein heftig debatt mellom dei raudgrøne og dei grønblå.

Fylkesordføraren varsla ved opninga av møtet at ho ville leggje fram nokre høyringssvar ho ville at fylkesutvalet skulle vedta. Gruppeleiar Noralv Distad (H) svarte at det var naudsynt med ein timeout før dei handsama desse. Så vart saklista vedteken og møtet starta.

Så kom dei fram til dei tre høyringsfråsegnene om å seie nei til søndagsopne butikkar, nei til den nye arbeidsmiljølova og nei til å fjerne "eksportstøtta" til Jarlsbergost.

Marit Barsnes Krogsæter, Frank Willy Djuvik og Noralv Distad.

I DET BLÅ HJØRNET: Marit Barsnes Krogsæter (V), Frank Willy Djuvik (Frp) og Noralv Distad (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sinna i kok

Høgre, Framstegspartiet og Venstre tok felles gruppemøte. Etterpå kunngjorde dei at dei ville nekte fylkesordføraren å setje desse sakene på sakskartet. Det har nemleg eit 1/3-mindretal høve til å gjere ifølgje Kommunelova.

– Eg godtek ikkje at noko blir sett på sakskartet utan å ha fått gå gjennom det fyrst, sa Noralv Distad (H).

Dette sette sinna i kok hjå dei raudgrøne. Dette er siste fylkesutval før det siste fylkestinget før valet. Skulle dei få eit fleirtal i fylkestinget til å vedta dei regjeringskritiske høyringssvara, måtte det skje no.

Gruppeleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet sa:

– Eg har aldri i mitt 20 år lange politiske liv opplevd at nokon nektar å setje ei sak på sakskartet. Dette er veldig spesielt!

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) følgde opp:

– Dette er spesielt. At Frp som krev folkerøysting når dei tapar ei sak i Stortinget på den eine sida, så nektar å la eit fleirtal i eit politisk organ få handsame ei sak på den andre sida. Det er ikkje spesielt demokratisk.

Raudgrøne i fylkesutvalet

I DET RAUDE HJØRNET: Nils P. Støyva (Ap), Jenny Følling (Sp), Anders Ryssdal (Sp) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er nettopp for å beskytte demokratiet at ein har slike reglar. Det er openbert at ein her har venta til det siste med å fremme ei sak, for å hindre oss i å setje oss inn i den. Det er utidig! svarte Frank Willy Djuvik (Frp).

Forsøk på forsoning

– Det er ein uting at saker blir meldt inn i same møte som dei skal handsamast, sa Marit Barsnes Krogsæter (V).

Etter at debatten hadde vart i om lag ein halvtime prøvde Trude Brosvik (KrF) på ei slags forsoning.

– Eg appellerer til dei borgarlege partia om å vere rause og lempelege. Dette er langt unna eit demokratisk sinnelag.

Omkamp i neste møte

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

OPPGITT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) fekk ikkje med seg fylkesutvalet på gjere som ho hadde tenkt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet føreslo at ein skulle kalle inn til eit nytt fylkesutvalsmøte før fylkestinget på onsdag.

Sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad påpeikte at det ikkje var sikkert at det ville vere i tråd med fylkeskommunen sine reglar for innkalling i «høveleg tid». Til vanleg er det åtte dagar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) summerte opp slik.

– Eg konstaterer at ein tredel av fylkesutvalet går i mot seg å handsame ei sak, sjølv om saklista vart vedteken.

Dermed unngjekk regjeringspartia at det vart vedteken nokon høyringssvar som var kritiske til regjeringa sin politikk i dette møtet.

I staden kjem sakene opp att på neste fylkesutvalsmøte.