I dag har sjukehuset ei gynekologisk avdeling som tek seg av naudkeisarsnitt. Dette er utanom modellen som er sett for forsterka fødestover.
Uråd å finne legar
Fylkeslegen stiller spørsmål ved heile modellen med at kirurgar frå andre avdelingar skal kome inn og ta skift ved ei forsterka fødestove. Øgar seier det er uråd å finne legar som vil ta slike vakter.
- Grunnen er at dei rett og slett ikkje føler seg kompetente til å utføre oppgåvene, seier han.
Kraftige protestar
Utan kirurgar kan ein heller ikkje ha ei forsterka fødestove der ein kan utføre keisarsnitt i Lærdal om ein følgjer modellen. Mange har difor protestert kraftig mot framlegg frå Helse Førde om å legge ned kirurgiske avdelingar i Lærdal.
Øgar meiner dette vil ha lite å seie til eller frå - kirurgane vil nemleg ikkje ta vakter ved fødeavdelingar uansett.