Hopp til innhold

Fylkeslegen krev løysing

- Striden rundt lokalsjukehusa må no løysast slik at kreftene kan brukast på noko anna, seier fylkeslege Petter Øgar, som meiner striden er øydeleggjande.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

- Men for å få det til må ein tore å prioritere og setje grupper opp mot kvarande, seier Øgar.

- Må velje

- Det er eigentleg ganske enkelt: Viss du ikkje har pengar til å gjere alt du vil, så må du velje noko framfor noko anna. Då er det nokon som rykkjer bakover i køen. Eg trur folk skjønnar dette. Dette vil til sjuande og sist vere politiske val. Politikarar skal veljast igjen, og det er ikkje så lett å bli attvald ved å seie nei.

Det var på debattmøtet om framtida til sentralsjukehuset tysdag at Øgar var, som han sa det sjølv, så politisk som han kan vere.

Fylkeslegen i minefelt

For det er eit minefelt byråkraten no bevegar seg i. I Nordfjord og Sogn er dei redde for å miste meir av lokalsjukehusa sine. Og frykta vart sikkert ikkje mindre av å høyre nestleiaren i Helse Førde, Kjell Opseth, tydeleg varsle at han kjempar for at spesialisthelsetenester skal sentraliserast til Førde.

Men fylkeslegen, som har ansvar for å sjå til at helsestenestene i fylket er lovlege, var tydeleg på at det no må skjerast gjennom.