Spenning kring to av mandata

Når Sogn og Fjordane skal velje sine fem stortingsrepresentantar (fire distriktsmandat og eitt utjamningsmandat), er det mange spenningsmoment.

Eldgrim Fossheim

Kommentator Eldgrim Fossheim seier det einaste sikre er at Ap og Sp får kvar sitt mandat. Det er mange spenningsmoment ved årets val.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det einaste ”sikre” er at Ap og Sp får eitt mandat kvar – og truleg frå Frp også eitt. Kampen om dei to siste mandata er heilt open.

Historia

Sogn og Fjordane blir ofte kalla ”annleisfylket”. Vi er distriktsfylket framfor noko, utan nokon stor by som alle andre fylke har. Vi er fylket som er prega av primærnæringar og industri, men også av ei stor gruppe offentlege arbeidsplassar. Vi har historisk toppa alle statistikkar det er verdt å toppe, og har lagt på botnen av statistikkar med motsatt forteikn.

I 30 år fordelte Ap, Sp, Krf og H dei fem stortingsmandata. Ved alle vala fekk Ap to mandat, og dei andre eitt kvar. Unntaka var EU-vala i 1973 og 1993. Då tok også Sp to mandat på bekostning av Høgre.

Ved valet i 2001 skjedde noko historisk. Ap miste sitt eine mandat som gjekk til SV. Bakgrunnen var mellom anna at Ap stilte med to Sunnfjordingar som toppkandidatar (Reidar Sandal, Flora og Aud Viken, Førde). Indre Sogn markerte si misnøye ved å stemme Sp med Liv Signe Navarsete på 2. plass – noko som heldt på å gje Sp to mandat.

Ved valet i 2005 skjedde det store politiske jordskjelvet. Frp fekk for første gong mandat i Sogn og Fjordane. Krf miste sitt mandat for første gong sidan krigen. Høgre mista sitt mandat for første gong utanom EU-val, og Venstre gjorde comeback – takka vere nyordninga med utjamningsmandat. (Venstre mista sitt mandat i 1969).

Kva no??

Ingrid Heggø, Høyanger – Ap sin førstekandidat, og Liv Signe Navarsete, Lærdal – Sp sin førstekandidat er ”sikra” fire nye år på tinget. Mykje skal endre seg om ikkje Åge Starheim frå Selje – Frp sin førstekandidat også får fornya tillit, men han er nok ikkje like ”sikker” som dei to første.

Kampen om 4. mandatet har mange deltakarar:

• Ap håpar på to mandat som dei har tradisjon for. Tor Bremer frå Luster er 2. kandidat og har rimeleg gode sjansar ut frå dei meiningsmålingane partiet har hatt både lokal og på landsplan. Fylkespartiet ser no ut til å stå ganske samla bak dei to toppkandidatane sine etter ein nominasjonsprosess som viste varierande entusiasme for dei to.

• Krf. håpar på ”comeback”. Førstekandidat Trude Brosvik frå Gulen er ein av fylket sine mest profilerte politikarar, og skal no prøve om personleg popularitet, høg medieprofil og Krf sin politikk med fokus på verdiar er nok til å føre fylkespartiet tilbake på stortinget. Fleire meiningsmålingar sentralt har vore lite oppløftande for partiet. Men Brosvik er absolutt med i kampen.

• Høgre håpar også på ”comeback” på tinget. Bjørn Lødemel frå Hornindal skal prøve å gjere det Mathias Råheim ikkje greidde for fire år sidan. Lødemel har prøvd å halde ein høg mediaprofil framfor valet, og fått mykje merksemd for kampen mot den omstridde kraftlina gjennom fylket. Han har fronta kabel-alternativet. Høgre har med seg i bagasjen ein vond nominasjonsstrid – spesielt i Flora. Kor sterkt den vil slå ut i valet, veit ingen, men Lødemel har ein realistisk stortingsdraum.

• SV reknar nok seg sjølve om ein av dei aktuelle kandidatane til fjerde-mandatet. Heidi Grande Røys greidde ikkje å halde mandatet sitt for fire år sidan, men fekk statsrådpost i den raud-grøne regjeringa og har dermed lagt nye kilo til si politiske vekt. Problemet er at SV ser ut til å mista oppslutning gjennom åra med regjeringsdeltaking. Grande Røys synest difor å vere eit stykke bak AP, Krf og H i kampen om fjerdemandatet.

• Sp håpar også på at oppslutninga i Sogn og Fjordane skal bli så stor at dei kan få to mandat og dermed fast stortingsplass for Erling Sande som i dag er vara for Navarsete. Sp har hatt to representantar frå fylket to gonger tidlegare - ved dei to EU-vala i 73 og 93. Men sjølv om Sogn og Fjordane saman med Nord-Trøndelag er er partiet sitt kjerneområde, sjølv om partileiar Navarsete kjem frå fylket og sjølv om ho som samferdsleminister vil gje fylket mykje vegpengar dei komande ti åra, så skal det mykje til før Sande kaprar fjerde-mandatet. Nasjonale meiningsmålingar gjennom sommaren styrker heller ikkje den trua.

• Frp gjorde eit historisk val i Sogn og Fjordane for fire år sidan då Åge Starheim sikra seg stortingsplass. Partiet hadde tidlegare hatt sterke meiningsmålingar, men aldri stått løpet heilt i mål på valdagen. Ut frå nasjonale meiningsmålingar og støtta av enkelte lokale målingar i god tid før valet, kan det sjå ut til at partiet er i posisjon til å kjempe om to mandat i Sogn og Fjordane denne gongen. I så fall kjempar dei nok om utjamningsmandat.

Utjamningsmandatet

Utjamningsmandat ved Stortingsval var ein nyordning ved valet i 2005 og gjer at det er om lag uråd å spå kven som dreg i hamn 5. og sistemandatet i fylket. For utjamningsmandatet gjeld ikkje stemmetalet i fylket, men partiet sitt resultat i landssamanheng. Det gjorde at Venstre og Gunvald Ludvigsen kom på tinget for fire år sidan. Han ikkje fekk nok stemmer i heimfylket, men Venstre fekk likevel så mange stemmer på landsplan at dei gjorde seg ”fortjent” til utjamningsmandat – og eitt av dei hamna i Sogn og Fjordane.
Utjamningsmandat er også håpet Venstre og Gunvald Ludvigsen kan ha ved dette valet – og det er reelt nok.
Dette ubereknelege mandatet er også håpet for alle dei tidlegare nemnde kandidatane som tapar kampen om 4. mandatet.

Småpartia

Her finn vi denne gongen Raudt, Kystpartiet, Miljøpartiet Dei grøne og Demokratane. Det skal meir enn mykje til før nokon av desse kan kjempe om mandat i Sogn og Fjordane trass i ordninga med utjamningsmandat.

Representantar 1965-2005:

1965:

Einar Stavang, Førde Ap
John Austrheim, Gloppen Sp
Knut Myrstad, Selje Krf
Paul Svarstad, Stryn H
Ludvig Botnen, Flora V

1969:

Oddleif Fagerheim, Fjaler Ap
Sverre Juvik, Årdal Ap
John Austrheim, Gloppen Sp
Knut Myrstad, Selje Krf
Paul Svarstad, Stryn H

1973:

Oddleif Fagerheim, Fjaler Ap
Sverre Juvik, Årdal Ap
John Austrheim, Gloppen Sp
Ambjørn Sælthun, Lærdal Sp
Knut Myrstad, Selje Krf

1977:

Oddleif Fagerheim, Fjaler Ap
Kåre Øvregard, Luster Ap
Ambjørg Sælthun, Lærdal Sp
Per Husabø, Leikanger Krf
Lars Lefdal, Leikanger H

1981:

Kjell Opseth, Førde Ap
Kåre Øvregard, Luster Ap
Ambjørg Sælthun, Lærdal Sp
Per Husabø, Leikanger Krf
Lars Lefdal, Leikanger H

1985:

Kjell Opseth, Førde Ap
Kåre Øvregard, Luster Ap
Leiv Blakset, Stryn Sp
Lars Gunnar Lie, Førde Krf
Lars Lefdal, Leikanger H

1989:

Kjell Opseth, Førde Ap
(Reidar Sandal, Flora vara for statsråd Opseth)
Astrid Marie Nistad, Gaular Ap
Leiv Blakset, Stryn Sp
Lars Gunnar Lie, Førde Krf
Dagfinn Hjertenes, Flora H

1993:

Kjell Opseth, Førde Ap
(Reidar Sandal, Flora vara for statsråd Opseth)
Astrid Marie Nistad, Luster Ap
Jorunn Ringstad, Askvoll Sp
Håkon Giil, Hyllestad Sp
Lars Gunnar Lie, Førde Krf

1997:

Kjell Opseth, Førde Ap
Astrid Marie Nistad, Luster Ap
Jorunn Ringstad, Askvoll Sp
Sverre Hoddevik, Selje H
Lars Gunnar Lie, Førde Krf

2001:

Reidar Sandal, Flora Ap
Jorunn Ringstad, Askvoll Sp
Magne Aarøen, Gloppen Krf
(Per S. Osmundnes, Gloppen rykte opp då Aarøen døde)
Sverre Hoddevik, Selje H
Heidi Grande Røys, Flora SV

2005:

Reidar Sandal, Flora Ap
Ingrid Heggø, Høyanger Ap
Liv Signe Navarsete, Lærdal Sp
(Erling Sande, Bremanger vara for statsråd Navarsete)
Åge Starheim, Selje Frp
Gunvald Ludvigsen, Eid V - utjamningsmandat