NRK Meny
Normal

– Det er ei stor blokk som kan dette ned og skape nærmast ei flodbølgje i elva

Breforskar Atle Nesje fryktar at ei stor isblokk kan rase ut ved Nigardsbreen og skape ei flodbølgje ned elva. Han oppmodar folk om å halde seg vekke.

Nigardsbreen/Atle Nesje

TRUR AT MEIR RASAR UT: Breforskar Atle Nesje har sett på helikopterbilete og fryktar ei stor isblokk kan rase ned.

Foto: Christian Blom/NRK

– Det er fare for at det kan gå fleire ras på same staden. Eg ser på ferske bilete som er teke frå helikopteret at det er ei ti meter stor isblokk med sprekkar på begge sider. Eg vurderer den som farleg, seier han.

Ektepar omkom

Nigardsbreen

OMKOM: Det tyske ekteparet blei funne her.

Foto: Christian Blom

Søndag ettermiddag omkom eit tysk ektepar i 30-åra då breen kalva over dei. To born på åtte og ti år var vitne til det som skjedde. Den tyske familien hadde vore på ein guida tur då dei la ut på eigen hand og braut sperringa nær breen.

Ulukke ved Nigardsbreen

STORE STYRKER: Alt tilgjengeleg mannskap blei sendt til Nigardsbreen då meldinga om ulukka kom i 16-tida søndag ettermiddag.

Foto: Christian Blom

Politi, ambulanse, redningshelikopter, ambulansehelikopter, redningsmannskap og redningsdykkarar rykte raskt ut til staden. Dei to borna kom fysisk uskadde frå ulukka og blir no tekne hand om av kriseteamet i Luster kommune.

Meiner isblokka bør sprengjast

No fryktar altså Nesje at meir is kan falle ned frå breen. Han oppmodar folk om ikkje å bevege seg nær breporten eller breelva før den store blokka har falle ned.

Han presiserer at han berre har sett på bileta som er tekne frå helikopter.

– Den blokka er farleg, og det bør haldast vakt eller så bør den sprengjast.

Har hatt geolog på staden

Synnøve Domben

GEOLOG: Operasjonsleiar Synnøve Domben

Foto: Truls Kleiven

Søndag kveld seier operasjonsleiar Synnøve Domben i politiet til NRK at dei har hatt geolog på staden.

– Det er fare for at det kan komme meir is ned, men det skal vere trygt så lenge folk held seg bak sperringane, seier ho.

Også breforskar Atle Nesje oppmodar alle som ferdast ute i naturen om å respektere sperringar som er sette opp.

– Det er svært viktig at folk respekterer dette, seier han.

Helikopterbilder fra Nigardsbreen.

HER SKJEDDE ULUKKA: Sjå helikopterbilete frå ulukkesstaden.

Created by InfoDispatcher

OMKOM: Eit tysk ektepar i 30-åra omkom då dei fekk ismassar over seg ved Nigardsbreen i ettermiddag. Dei to mindreårige barna deira vart hjelpelause vitne.

Vegopning på Bergum i Førde kommune