Hopp til innhold

Fryktar samhandlingsreforma fører til fleire byråkratar i helse-Norge

Sjukehustilsette fryktar samhandlingsreforma fører med seg endå meir helsebyråkrati enn det som er i dag.

Legg ned sjukehus medan byråkratiet blir større

MANGE BLIR FLEIRE: Sjukehustilsette fryktar fleire helsebyråkratar når samhandslingsreforma trer i kraft frå januar neste år.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I Dagsrevyen i går kom det fram at kvar femte tilsett ved norske sjukehus arbeider med administrasjon.

Når den nye samhandlingsreforma trer i kraft frå januar 2012, fryktar Kjell Nygård, tilsettrepresentant i Helse Førde-styret, at den vil ta fleire ressursar frå pasientbehandlinga.

– Når ein høyrer kor straum av pengar skal gå mellom kommunar, føretak og departement, så kan ein ikkje sjå noko anna enn at byråkratiet ikkje blir mindre, seier Nygård.

Meir byråkrati

«Norge skal bli friskare» var lovnaden frå helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho 8. april i år la fram samhandlingsreforma. Men eit halvt år før reforma skal innførast, er det framleis mange uklare detaljar.

  • KVA MEINER DU OM BYRÅKRATIET I HELSE-NORGE? DELTA I DEBATTEN HER
Aud Jekteberg Nordpoll

UROA: Jordmor Aud Jekteberg Nordpoll.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Framlegget frå regjeringa er å overføre fem milliardar kroner for å ta over behandlinga av pasientar som før vart lagt inn på sjukehus. At kommunane skal ta over mange av dagens sjukehusoppgåver, fryktar mange sjukehustilsette vil føre til meir byråkrati.

– Så mange byråkratar er provoserande når ein ser kva konsekvensar sjukehuskutta får for pasientane som helseføretaket faktisk primært skal vere til for, seier jordmor i Vågsøy kommune, Aud Jekteberg Nordpoll.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Legg ned sjukehus medan byråkratiet blir større

Legg ned sjukehus medan byråkratiet veks

Uroa pasientar

Uroa er også pasientane sjølve. I Dagsrevyen onsdag var gravide Christel Midtgaard Angelshaug frå Måløy opprørd over at fødeavdelinga i Nordfjord blir lagd ned. Det skjer samstundes som byråkratiet i sjukehusnorge aukar.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at nesten kvar femte person i norske helseføretak er byråkratar.

Christel Midtgaard Angelshaug

UVISSE: Christel Midtgaard Angelshaug.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Det går utover oss som faktisk skal ha eit helsetilbod, seier Midtgaard Angelshaug.

Ingen garanti frå Kåss

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Robin Kåss, kan ikkje garantere at det ikkje blir meir helsebyråkrati med samhandlingsreforma.

– Det er viktig at det ikkje blir bygd opp byråkrati. Vi ynskjer å flytte ressursar nærare der folk bur, slik at ein kan starte behandling tidlegare, førebyggje sjukdom og gje folk betre helse, seier han.