Han trur det kan bli konsekvensen av den nye grensa for å stå i momsregisteret.
Fryktar grensa følgjer momsgrensa
Tidlegare har grense for å få produksjonstilskot, og grensa for å stå i momsregisteret vore den same, på 30.000 kroner. Men frå 1. juni blir grensa for å stå i momsregisteret for sjølvstendig næringsdrivande heva til 50.000 kroner. Og Kvåle er redd for at styresmaktene på sikt kjem til å setje opp produksjonstilskotet også, for å lette kontrollarbeidet. Dersom tilskotsgrensa blir heva, meiner Kvåle Sogn og Fjordane vil få eit nytt ras av bønder som legg ned drifta.
Fylkesagronomen seier grensa står fast
Men fylkesagronom Bjørn Henning Haugsvær seier at grensa for å få produksjonstilskot ikkje skal endrast. Signala dei har fått frå landbruksdepartementet er heilt klare, og seier at den gamle grensa på 30 000 skal stå fast.
Han veit ikkje om nokon planer for å endre grensa. Likevel påpeikar han at styresmaktene no får meir arbeid når dei skal kontrollere kven som har rett til stønad. Så det er ikkje usannsynleg at det vert leita etter nye måtar å gjere det på, seier han.