Hopp til innhold

Fryktar sponsorflukt etter endra skattereglar

Får du gratisbillettar til ein festival frå arbeidsgjevaren din? I så fall må bedrifta frå neste år rapportere bruken – og du vert skattlagd.

Vått, men rått på Utkantfestivalen 2016

FRYKTAR SPONSORFLUKT: Utkanfestivalen i Skerjehamn i Gulen er ein av festivalane som fryktar dei kan miste sponorarar som følgje av endra skattereglar

Foto: Jostein Vedvik

– Vi veit jo enno ikkje kva slags konsekvensar det vil få for oss. Men desse endringane vil gjere det meir tungvint og byråkratisk for dei som sponsar oss, seier sjef for Utkant-festivalen i Gulen, Viggo Randal.

Han er sjef for ein musikkfestival som seinast i sommar kunne notere seg for eit publikumstal på over 12.000. Ifølgje Randal er dei heilt avhengige av velvillige bedrifter som sponsar dei.

– Vi driv jo ein festival og har sjølvsagt ikkje anna å tilby som gjenyting enn gratisbillettar til dei tilsette. Det er jo dette som gjerne er det som gjer det attraktivt å sponse ein festival, seier Randal.

Gjeld fleire typar gode

Endringar i skattereglane frå 1. januar neste år skjerpar ansvaret arbeidsgjevar har for å rapportere dei tilsette sin bruk av blant anna denne typen gode til skattefuten.

Tone Østerdal

FRYKTAR: Dagleg leiar i Norske konsertarrangørerer, Tone Østerdal.

Foto: Akershus fylkeskommune

– Vi fryktar dei nye reglane vil føre til sponsorflukt. Gratisbillettar som ein del av sponsoravtalar er jo vanleg, men viss bedriftene endar opp med å få mykje ekstraarbeid er vi redde for at dei ikkje vil sponse festivalar og konsertar, seier dagleg leiar Tone Østerdal i interesseorganisasjonen Norske konsertarrangørar.

Ho deler frykta til både Randal og andre festivalar. For mange av festivalane er sponsoravtalar heilt avgjerande for å få det til å gå rundt, påpeikar ho.

Vil ha minimumsgrense

I Virke, hovudorganisasjonen for tenesteytande næringar, er dei såpass uroa at dei har teke opp frykta med partia på Stortinget.

Line Endresen Normann

DIREKTØR FOR KULTUR I VIRKE: Line Endresen Normann.

– Det vil heve terskelen for å sponse kulturlivet. Det vert mykje ekstraarbeid. Denne regelendringa er jo difor eigentleg i stikk strid med regjeringas eigne ord om å få inn meir private pengar i kulturlivet, meiner direktør for kultur i Virke, Line Endresen Normann.

No jobbar ho med å få innført ei minimumsgrense for ein skattepliktig sum i forskrifta til dei nye reglane som er under utarbeiding.

– Vi har ikkje rekna heilt på dette, men med ei minimumsgrense på 3000–5000 kroner meiner vi endringa ikkje ville ramme kulturlivet.

Frp: – Overdriven reaksjon

Men finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet på Stortinget, Helge André Njåstad, deler ikkje uroa til festivalane i Noreg.

– Den er overdriven reaksjon. Eg trur dette vil gå veldig fint, seier han.

Helge Andre Njåstad

FINANSPOLITISK TALSMANN: Helge André Njåstad frå Framstegspartiet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Njåstad understrekar at det ikkje er snakk om nye reglar, men heller ei tydeleggjering av alt eksisterande reglar.

– Det har alltid vore skattepliktig det ein får frå arbeidsgjevar, anten det er løn eller andre gode. Det er ingen endringar på det no. Det vi har klargjort no er at det skal rapporterast tydelegare slik at ein betalar den skatten ein skal, seier han.