NRK Meny
Normal

Fryktar ei busskatastrofe i sommar

Statens vegvesen stoppar stadig fleire turistbussar der sjåførane knapt har kvilt på fleire veker. No fryktar Norsk Transportarbeiderforbund store og dramatiske bussulukker.

turistbuss folven

KØYREFORBOD: Sjåføren av denne turistbussen som blei stogga i Nordfjord onsdag, får ikkje lov til å køyre vidare før han hadde kvilt eit døgn.

Foto: Statens vegvesen

– Utviklinga er meir og meir skremmande. Eg trur ikkje det er lenge før vi har ei skikkeleg alvorleg ulukke her i Norge, slik vi har sett det i andre land, seier 2. nestleiar i Norsk Transportarbeiderforbund, Dag-Einar Sivertsen.

Dag-Einar Sivertsen Norsk Transportarbeider Forbund

KRITISK: Dag-Einar Sivertsen i Norsk Transportarbeiderforbund.

Seinast torsdag ettermiddag stakk ein utanlandsk turbussjåfør av frå ein kontroll på E16 på Håbakken i Lærdal. I går stogga politiet og Statens vegvesen ein sjåfør i Oppstryn som hadde køyrt i 18 dagar i strekk utan den pålagde vekekvilen.

– Sjåføren hadde også juksa med minst eitt av korta i ferdsskrivaren. Han er meld til politiet og pålagt kvile, seier Tormod Gausdal, seksjonsleiar for køyretøyseksjonen i Statens vegvesen i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane.

Aksjonerer mot bussnæringa

Dagleg møter hans kontrollørar på fortvilte utanlandske sjåførar som føler seg pressa til å køyre mykje lenger enn dei skal før kvilen. Det går heilt klart utover trafikktryggleiken, meiner Gausdal.

– Vi likar slett ikkje denne utviklinga. Vi har sett eit ekstra fokus på turbussnæringa no tidleg i turistsesongen, og alt er slett ikkje slik det bør vere. Det gjeld både i høve til køyre- og kviletid, branntryggleik og til dømes overlast, seier Gausdal.

– Sjåførane blir pressa

Han forsikrar at dei vil halde fram med eit strengt kontrollregime i hans region i tida framover, nettopp for å avsløre det som potensielt kan vere "tikkande bomber" langs vegane.

– Dette går ofte utover sjåførane. Men vi er samstundes sikre på at dei sit mellom barken og veden, og føler seg pressa av oppdragsgjevarane til ikkje å kvile så mykje dei bør.

Vil ha auka straff

Dag-Einar Sivertsen i NTF er glad for at styresmaktene intensiverer kontrollen av turbussnæringa, men han forventar at meir blir gjort.

– Det er beklageleg at det ofte er sjåførane som blir straffa hardast. Difor bør styresmaktene også gjerne innføre ein kraftig auke i straffegebyr mot oppdragsgjevarar og bussbedriftene, slår Sivertsen fast.

Vegopning på Bergum i Førde kommune