Hopp til innhold

Fryktar brann - har innført bålforbod i fleire kommunar

Det tørre vêret gjer at brannvesenet har innført bålforbod i fleire kommunar i Sogn og Fjordane.

Bernhard Øberg

– SVÆRT STOR BRANNFARE: Brannsjef Bernhard Øberg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Førebels er det innført forbod mot all bålbrenning i Førde, Naustdal, Askvoll, Gaular, Gloppen, Eid og Vågsøy.

Årsaka er at det i ein periode har vore svært lite nedbør og mykje vind, og dette har ført til stor brannfare, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

– Det var politiet som kom med ønsket om å legge ned forbod mot bålbrenning. Slik prognosane ser ut skal dette vêret halde seg ei veke til. Då er det ingen grunn til å vente med bålforbod, for det er ikkje vits i å ta sjansar, slik situasjonen er no.

Onsdag ettermiddag kom ein bråtebrann ut av kontroll i Kandal i Gloppen. Brannvesenet kom til staden og fekk hindra at brannen nådde hus.

Kan bli melde til politiet

– Ingen må finne på å brenne bål slik situasjonen er no, seier Øberg.

– Kva ris bak spegelen har de dersom nokon trassar forbodet?

– Vi er i dialog med politiet, så då er vegen til ei politimelding veldig kort.

Ny vurdering av bålforbodet vert teken når det kjem nedbør. Førebels har ikkje Alarmsentralen fått inn melding om bålforbod i andre kommunar enn Gaular, Gloppen, Førde, Askvoll og Naustdal.

Førde frå Viefjellet 4.2. 2017

TØRT: Mangel på nedbør, sol og vind gjer at det er knusktørt i terrenget. Dette biletet er teke frå Viefjellet i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK