Hopp til innhold

Fryktar avisdød

Landslaget for lokalaviser (LLA) fryktar at kring 60 aviser går mot nedlegging dersom Stortinget opnar for postomdeling annankvar dag. Det skriv Firda. Kring 15 prosent av abonnementsavisene har distribusjon gjennom Posten. At mediebransjen sjølv skal ta over ansvaret for dei nær 600.000 avisene som kvar veke går med Posten, er berekna å koste mellom 400 og 500 millionar kroner.