Hopp til innhold

Fryktar at press frå næringslivet går ut over attreisinga

Vassekspert Oddbjørn Bruland åtvara NVE mot storflaumen i Utvik og fekk rett. No fryktar han at press frå næringsinteresser gjer at Utvik ikkje blir sikra godt nok for framtida.

Oddbjørn Bruland

SMILER, MEN ...: Oddbjørn Bruland er professor i vass- og miljøteknikk ved NTNU, og hytteeigar i Utvik.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er i bygdefolket si interesse at Utvik blir vurdert og sikra på ein god måte. For næringslivet i området er det viktig at trafikken kjem på snarast mogleg. Men både for bygda, kommunen og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv bør ein spørje seg kva som er viktigast på sikt, seier hytteeigar Oddbjørn Bruland.

Han er professor i vassbygging ved NTNU og for eit år sidan åtvara han NVE om at Utvik kunne bli øydelagt dersom det vart storflaum. 24 juli i år vart marerittet hans verkeleg.

Kritisk

No fryktar han at vegvesenet blir pressa til å kome med raske løysingar. Han fryktar at bruene som blir bygd opp att, ikkje får god nok kapasitet for framtidige flaumar. Mellom anna vel vegvesenet å bruke den same brua ved å styrke det eine brukaret. Kapasiteten vil ikkje bli endra, ifølge Bruland, og meiner det må vurderast kva som skjer når brua sin kapasitet når maks.

Professoren er også kritisk til ei fylling som er planlagd etter brua, men føler det er fånyttes å varsle.

– Svaret eg får er at slike vurderingar må kome i neste omgang, no er det viktig å få trafikken i gang att så snart som råd. Men når trafikken etter stort press er kome på brua, vil det vere for seint og mykje dyrare å tenke tiltak som hindrar ei forverring av flaumforholda, seier Bruland.

DSB sine retningsliner seier at bygg og infrastruktur skal sikrast mot ein 200-årsflaum. Men der vasskreftene blir store eller farten på vatnet går over 2 m/s skal det sikrast mot ein 1000-årsflaum.

– Dette ser det ikkje ut som vegvesenet eller NVE tek inn over seg i Utvik. Det kan bli ein farleg presedens for Vestlandet, meiner Bruland.

Irritert hotelldirektør

Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen er sterk kritisk til korleis fylkeskommunen vel å løyse trafikkavløysinga over Utvikfjellet.

– Vegen må vere open for alle køyretøy frå og med i dag, var kravet frå Grov i NRK Sogn og Fjordane måndag.

Professor Bruland meiner det er fullt forståeleg at ei slik konflikt kjem. Men at det må vere høve til å balansere både næringslivet sine interesser og samfunnet sitt behov for å sikre at slike katastrofar aldri skjer igjen.

– Grov burde vere den første som forstår kor viktig det er å sikre. Han har sjølv fått sikra hotellet sitt frå ei elv, seier Bruland.

– Kven sine røyster skal bli høyrde? Kva moment skal leggast vekt på? Er det næringslivet, eller er det å sikre at bygda og folka som bur der ikkje blir ramma igjen?

– Ikkje press

Hotelldirektør ved Alexandra

IKKJE KONFLIKT: Richard Grov.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hotelldirektør Richard Grov avviser at han utøver press. Han ser ikkje nokon konflikt mellom å sikre Utvik og få trafikken på plass umiddelbart.

– Eg tykkjer dette er våseprat. Her snakkar vi om å løyse ting på kort sikt og deretter finne løysingar som er permanente. Eg er den første til å stille meg bak at Utvik må sikrast best mogleg, seier Grov.

Han seier han er sikker på at NVE vil gjere nettopp det, etter erfaringane med sikringa i Loen, som hotellet bidrog økonomisk til.

– I Utvik er det ein tretrinnsrakett. Først må alle legge breisida til for å få på plass ei løysing der 12 til 14 meter lange køyretøy kan passere. Deretter må ein få på plass ei mellombels bru mens ein bygger den endelege løysinga, meiner Grov.