Hopp til innhold

Fryktar at den nye vegen tar livet av Sande

SANDE (NRK): Medan mange feira at nye E39 skal gå utanom Sande, er Per Kapstad redd for konsekvensane det vil få for bygda.

Ny E39 gjennom Sande opna i dag. No går vegen ikkje lenger gjennom sentrum.

STILLE: Det kjem til å bli mindre trafikk i Sande etter at den nyopna E39-vegen går utanom bygda. (Foto: Sondre Dalaker / Redigering: Dalaker/Rekkedal)

– Det er trafikken vi lever av og heile Sande er bygd opp etter E39. Viss det ikkje skjer noko utvikling her, så blir det ein sovande by som knapt har ein butikk, seier Per Kapstad, som er dagleg leiar på Sande Kro og Hotell.

Medan fleire i bygda gler seg over at det no blir mindre trafikk og meir ro i bygda, er han redd for konsekvensane av nettopp mindre trafikk.

Treng effektive vegar

Per Kapstad håper at han ikkje får rett i spådommen sin, for då kan ikkje kroa han driv halde opent heile dagen, slik den gjer i dag. Han fryktar òg at det vil bli mindre folk og liv.

Det var statssekretær Tom Cato Carlsen som opna vegen, og for regjeringa er det omsynet til storsamfunnet som er det viktigaste.

– Dette er i tråd med det vi ønsker, nemlig å få ein auka effektivitet på vegnettet. Då er det dessverre slik at nokon ikkje får ha vegen utanfor er dei har drive butikk i mange år, seier statssekretæren.

Per Kapstad

SOVANDE BY: Per Kapstad trur Sande no blir ein sovande by.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Som å skru av ein brytar

Folk på Sande har reagert ulikt på den nye vegen. Bodil Øvretveit er ei av dei som gler seg over mindre trafikk.

– Det skal bli herleg å sitte i hagen, og prate i lag. Det blir så stilt og fint, seier ho.

Kapstad kan ikkje gle seg over stillheita dersom det går utover næringa.

– Eg likar jo stillheit, men ikkje i kvardagen. Då må vi ha litt fart, seier han.

Han trur kommande søndag blir den første, store testen på korleis livet blir med den nye vegen. For då er det flest gjestar på kroa. Men han merka det alt med det same vegen opna mandag.

– Det er voldsomt stille, det er omtrent som å skru av ein brytar, seier han kort tid etter opninga.

Han håper dei no får eit skilt ved den nye vegen, slik at bilistar får vite om at kroa fins.