Hopp til innhold

Politiet: Medbragt alkohol blir forbode på festivalar

Har du vore vand med å ta med eiga drikke på festival. Det vil politiet no ha slutt på.

Storåsfestivalen - festivalcampen

EIN DEL AV KULTUREN: Å drikke medbrakt alkohol er ein del av kulturen på mange festivalar. No vil politiet ha slutt på dette og at deltakarane i staden må kjøpe alkoholen på festivalen.

Foto: Ellinor Hansen

I staden krev Politidirektoratet at arrangørane må søkje om skjenkeløyve for heile festivalområdet, inkludert camping- og parkeringsplassar. Aftenposten skriv at direktoratet nyleg i eit brev til alle politidistrikta har presisert korleis alkohollova skal forståast.

– Ikkje mogeleg å gjennomføre

Overfor avisa stadfestar direktør for politifagavdelinga i direktoratet, Kristin Kvigne, at pålegget om å søkje skjenkeløyve også gjeld for campingplassar som høyrer til musikkfestivalar.

Kvigne ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK i dag. I staden viser ho i ein e-post til brevet direktoratet har sendt ut til politidistrikta.

Saka har kome opp i samband med at politiet set ned foten for russearrangement der folk har med seg alkohol sjølve.

– Eg er veldig forundra. Det vil ikkje vere mogeleg å gjennomføre ei slik ordning for oss, seier dagleg leiar for Norsk Countrytreff på Breim, Arve Kleppe.

Kvart år husar festivalcampen hans over 2000 personar som for det meste bur i campingvogner og -bilar i tilknyting til festivalområdet. For mange er livet på campingplassen det som er festivalen.

Forundra over Frp-ministeren

Kleppe har ikkje meir kunnskap om saka enn det som står i avisa, og han er i villreie om korleis politiet tenkjer.

– Det uråd å vite korleis publikum vil reagere. Ei løysing kan jo vere å setje bort drifta av campingplassen til andre, men eg veit ikkje om forbodet også gjeld vanlege campingplassar.

Han seier dei no vil bruke tid på å setje seg inn i saka, og Kleppe har allereie snakka med andre arrangørar. Dei vil no jobbe for å få endra pålegget.

– Det forbausar meg skikkeleg at eit slikt pålegg kjem med ein justisminister frå Framstegspartiet, seier Kleppe.

– Tener ikkje pengar på campen

Også festivalsjef Viggo Randal i Utkant-festivalen i Gulen er forundra. Verken han eller Kleppe opplever problem med at folk har med seg eigen alkohol på festivalcampen. I Skerjehamn bur svært mange av deltakarane i også eigne båtar.

– Pålegget er veldig underleg. Ettersom eg forstår gjeld det ikkje båtar. Det betyr for vår del at har du nok pengar til båt, kan du drikke medbrakt, men bur du i telt på land kan du ikkje gjere det, seier Randal.

Positive på Malakoff

Heller ikkje hos den største festivalen i Sogn og Fjordane, Malakoff, på Nordfjordeid har dei alle svara på kva regelendringa vil føre til.

– Det for tidleg å seie noko om konsekvensane. Vi må først finne ut av dette i dialog med dei som skal handheve reglane, kommunen og politiet. Eg vel å sjå positivt på dette. Dette er ei utfordring vi mest mogeleg må ta, og dette skal vi få til, seier dagleg leiar Arnt Ivar Naustdal.