Hopp til innhold

– Fryktar Harry'en vil rive hovudet av meg!

HERMANSVERK (NRK): Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet fryktar reaksjonen frå sin eigen partikamerat om dei løyver pengar til Måløyraidsenteret.

Nils P. Støyva

FRYKTAR FOR HOVUDET: Gruppeleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet er uroa for kva partikamerat Harry Mowatt vil gjere om dei løyver pengar til Måløyraidsenteret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesutvalet diskuterte i dag nok ein gong dei store kutta dei står framfor i åra som kjem. Samtidig løfta Noralv Distad (H) fram kor vidt dei skulle støtte Måløyraidsenteret med pengar.

Senteret er lova statlege pengar til bygging. 2 millionar frå Kulturdepartementet, 3,3 millionar frå Forsvarsdepartementet og 600.000 til drift frå Kulturdepartementet.

No manglar berre 800.000 kroner frå fylkeskommunen for at senteret til minne om det allierte åtaket på Måløy i 1941 skal stå klart til jubileet neste år.

Vil ikkje miste hovudet

Harry Mowatt

HARRY'EN: Harry Mowatt har vore ein nestor i fylkespolitikken for Arbeidarpartiet i ei årrekkje. No er han styreleiar for musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Men dei raudgrøne partia i fylkesutvalet var skeptiske.

Eg fryktar at Harry'en skal rive hovudet av meg om vi kuttar 3 millionar til musea, og samtidig går inn for å byggje dette senteret, sa gruppeleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet.

Han siktar til partikameraten og nestoren Harry Mowatt som er styreleiar i musea i Sogn og Fjordane. Pengane til senteret skal nemleg gå via musea.

Gruppeleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet synes det var eit dårleg argument.

Viss ikkje Harry'en vil følgje eit eventuelt fleirtalsvedtak i fylkestinget i denne saka, er det han som bør skiftast ut.

Trude Brosvik i Kristeleg folkeparti var også skeptisk. Ho seier ho er glad for at staten vil gje ei slik gåve til fylket, men:

– Nokre gåver er vanskelege å ta i mot.

Det er no bestemt at saka er utsett, og at kulturutvalet skal handsame den på nytt.

Dermed er det uvisst om kor vidt fylkeskommunen vil støtte senteret med pengar.