Det fortel Kristen Grieg Bjerke i Fortidsminneforeninga.
- Trafikken har auka så mykje at vi ropar eit alvorleg varsku, seier Grieg Bjerke.
Slitasje
Både lokalt i Lærdal og i Fortidsminneforeninga er dei urolege over slitasjen på Borgund stavkyrkje og på området rundt kyrkja. Difor er det lagt planar for eit avlastingssenter til vel 20 millionar kroner.
Lærdal kommune og fylkeskommunen er med på eit spleiselag, og Fortidsminneforeninga har skaffa pengar frå private stiftingar. Men dei treng i tillegg åtte milionar kroner frå staten. Dette kan fordelast over tre år, og er vel å rekne som lommerusk i eit statsbudsjett. Men Grieg Bjerke har i heile dette året masa på leiinga i Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet - utan å få noko som liknar på ein reaksjon.
Venta i ti år
- Vi har halde på med dette prosjektet i ti år, og no er det verkeleg på tide å få vite om vi får pengar eller ikkje. Viss ikkje, må vi begrave heile prosjektet og endre strategi. Vi blir då nøydde å finne andre løysingar for å handtere den store turiststraumen.
Dyrare billettar
Etter at Lærdalstunnelen opna, har talet på bilar som stansar ved Borgund stavkyrkje auka kraftig. Men Fortidsminneforeninga har skrudd billettprisen for å gå inn i kyrkja kraftig i veret for å avgrensa talet på bein som trakkar over kyrkjegolvet.
Og det fungerer - berre kvar tiande som stansar ved Borgund stavkyrkje pungar ut for å få gå inn i den 800 år gamle kyrkja. Men så er det heller ikkje slitasjen på innsida av kyrkjeveggen Fortidsminneforeninga er mest uroa over.
- Det er ikkje den fysiske slitasjen i kyrkja vi er mest uroa over, men forholda rundt kyrkja. Til dømes dårlege forhold på parkeringsplassen og slitajse langs kyrkjemuren. Det vi ønskjer, er at kyrkjelyden skal kunne bruke kyrkja på vanleg måte.
I tillegg til at vogntog med farleg last parkerer ved kyrkja, skaper inn- og utkøyring frå parkeringsplassen eit utal av farlege trafikksituasjonar.
Bussar blokkerer
Fortidsminneforeninga er heller ikkje nøgd med at parkerte turistbussar så og seie blokkerer for synet av stavkyrkja det meste av sommaren. Det er nettopp slikt eit besøkssenter eit stykke unna kyrkja skal avverga. Grieg Bjerke har ei klar oppmoding til Regjeringa.
- Eg håper Regjeringa tek ansvar for eit unikt kulturminne ved å gi åtte millionar kroner. Denne summen er ein tredjedel av det totale budsjettet og vil gi eit tydeleg signal om at staten tek ansvaret for kulturarven på alvor, avsluttar Grieg Bjerke.